EYSTEIN RØSSUMKNUT STRAND (foto) eystein.rossum@bergens-tidende.no

"Vår erfaring — din sikkerhet", reklamerer bergensselskapet Maritime Tours på internett-sidene sine. Der tilbyr dei 31 forskjellige båtar - alt frå store skip som "Statsraad Lehmkuhl" og "Sognekongen" til mindre seglbåtar og lystfarty. Selskapet "har den erfaring og kompetanse som skal til for at nettopp ditt arrangement skal bli en suksess", fortel annonsen, og er ifølgje selskapets eigar og daglege leiar, Erik Lofnes, landets største på dette feltet.

Kapteinen mangla sertifikat Det det ikkje står noko om, er at fleire av båtane ikkje har lov til å ta med seg ein einaste betalande passasjer. Dei manglar alle nødvendige sertifikat for å drive kommersiell passasjertrafikk. Redningsflåtar, livvestar, radioutstyr, skrog og maskin er ikkje kontrollert og godkjent for passasjertrafikk av Skipskontrollen. Ein av båtane som har gått ulovleg er M/Y "Sporen", som Maritime Tours oppgir at kan ta ni passasjerar. Båten er eit kryssarbygd farty og eit mini-hotellskip "med de beste bobekvemmeligheter", oppgir selskapet. Men då politiet og Skipskontrollen slo til mot båten på Vågen i Bergen for eit par veker sidan, var dei opptatt av andre ting. Båten mangla alle nødvendige papir for å frakte passasjerar. Kapteinen som stod på brua hadde heller ikkje dei sertifikata som skal til for å føre eit så stort farty, med eller utan folk om bord.

Fleire utan løyve Også andre båtar på Maritime Tours' liste manglar godkjenning. Seglbåten S/Y "Swany", som skal vere "den perfekte seilbåt for den kresne" og ta tolv passasjerar, har ikkje passasjersertifikat. Heller ikkje yachten M/Y "Scala", som skal vere "meget eksklusiv" og ta 20 passasjerar var å finne i Skipskontrollens papir i går. Luksusyachten M/Y "Cleopatra II", som etter reklamen skal ta 20 passasjerar inkludert mannskap, har i realiteten berre lov å ha med 12.

"Ta med vest sjølv" Distriktssjef Magne Rødland i Skipskontrollen i Bergen har for lengst sett seg lei på den ulovlege trafikken. - Vi planlegg ein kampanje i sommar mot dei som driv slik. Problemet er at vi manglar ressursar til å halde oppsikt med alle som opererer i marknaden, seier Rødland. Han har fleire gonger fått spørsmål frå blåtur-gjestar som lurer på om båten dei skal ut med er i orden. - Dei har fortalt at dei er bedt om å ta med redningsvest sjølve. Då er det berre å gløyme heile turen. Dersom noko skulle skje, manglar all forsikring for passasjerane. Dette er noko vi sterkt ønskjer å koma til livs, seier distriktssjef Rødland.