— Eg fekk ein skikkeleg støkk, seier Mari. I følgje Sogn Avis har ho fleire dagar etter ugleangrepet kloremerke på kinn og øyre.

Mari hadde lenge visst at ei ugle hadde reir i ein trestamme i Utladalen i Årdal. Då ho og resten av klassen var på tur til Avdalen sist måndag, ville ho vise uglereiret. At det var ungar i reiret, tenkte ikkje Mari på. Ungane tenkte derimot uglemor på. Ho hadde observert elevane får utkikksposten, og flaug rett i fjeset på 11-åringen.

Ei knapp veke seinare har Mari framleis synlege merke og kular i hovudet etter kattugleangrepet.

Hobbyornitolog Johannes Aanonby seier ugler kan vere svært aggressive.

— Forskarar utstyrer seg ofte med visir som vern når dei skal undersøkje uglereir.

<b>AGGRESSIV:</b> Det var ei ugle av denne typen, ei kattugle, som gjekk til angrep på jenta.
Arkiv