Dette vart opptakten til ei sak som er blitt eit problem for UD og den norske regjeringa. Her står spørsmålet om ytringsfridom, grunnleggande rettstryggleiksprinsipp og menneskerettar kontra munnkorg og lojalitetsplikt.

Artikkelen var forfatta av Lasse Qvigstad som då var i ferd med å avslutte arbeidet sitt som justisråd ved den norske ambassaden i Washington.

I går skreiv Aftenposten om saka, under tittelen «Qvigstad kneblet av UD». Avisa hadde då sete ein månad på historien, til Qvigstad var «ute av UDs klør». Aftenposten vil, etter det Bergens Tidende forstår, trykke Qvigstad sin artikkel som kronikk i dag.

Artikkelen til Qvigstad var kritisk til dei nye amerikanske militærdomstolane som Busch hadde bestemt å opprette som lekk i kampen mot internasjonal terrorisme.

Dei nye amerikanske domstolane har resultert i eit skred av protestar både i USA og verda rundt. Mellom anna har International Commission of Jurists, som er ein verdsfemnande ikkje-statleg organisasjon av dommarar og advokatar, kritisert nyordninga i fleire fråsegner.

— Eit grunnleggande forhold gjeld spørsmålet om uavhengige dommarar og domstolar. Det er heilt avgjerande for rettstryggleiken, seier Qvigstad til Bergens Tidende.

UD står nå på Qvigstad som mellombels tilsett i utanrikstenesta var bunden av lojalitetsplikt og ikkje hadde rett til å ytre seg i saka. UD har også avslege å grunngje avslaget overfor Qvigstad.

Denne siste delen av saka vil Qvigstad nå klage inn for Sivilombodsmannen.