– Vi har undersøkt denne saka, og det er vår klare forståing at ho ikkje har rot i verkelegheita, seier kommunikasjonsrådgivar Kjetil Elsebutangen i Utanriksdepartementet til NTB.

Det er ei av dei største engelskspråklege avisene i India som skriv at India heretter vil avslå visumsøknader frå Danmark, Noreg og Sverige.

Terrorskulda danske

Ifølgje avisa The Telegraph, som kjem ut i Kolkata, er det vedtaket til Danmark om å avslå oppmodinga frå India om utlevering av den terrorskulda dansken Niels Holck som ligg bak avgjerda.

Den danske avisa Information gir att saka og skriv at dei nye visumreglane alt er sett i verk ved ambassadøren til India i København, Oslo og Stockholm.

Også svensk UD avviser opplysningane om svenske borgarar.

– Vi har ingen opplysningar om at dette påverkar visumhandteringa i praksis, seier pressesjef Anders Jörle.

– Men det er korrekt at danskane har eit problem med indarane på grunn av ein person som ikkje blir utlevert. Men det har ingen ting med oss å gjere, seier han.

Ikkje merka sanksjonar

Danske bedrifter seier dei ikkje har merka noko til mulege sanksjonar på visumsøknader.

Bakgrunnen for at India skal vere sinte, er ein snart ti år gammal strid rundt den danske forfattaren Niels Holck, som i boka «De kaller mig terrorist» frå 2008 fortel korleis han forsynte lokale aktivistar i Vest-Bengal med 4 tonn våpen på 1990-talet.