Tvilsam svartelisting
FNs sanksjonskomite svartelistar personar og organisasjonar utan å kjenne bevisgrunnlaget. Heller ikkje dei som blir svartelista får innsyn i bevisgrunnlaget.
- Publisert: 17.jan.2007 06:00
- Oppdatert: 17.jan.2007 06:27
Dette opplyser underdirektør Torfinn Rislaa Arntsen i Rettsavdelinga i
Utanriksdepartementet til Bergens Tidende.
Eit land som vil ha ein
person eller ein organisasjon oppførd på svartelista, fremjar forslaget for
sanksjonskomiteen. Sanksjonskomiteen er underlagt Tryggingsrådet i FN. Den
er samansett av dei same medlemene som til eikvar tid sit i Tryggingsrådet.
Uråd
å bli fjerna
Forslagsstillaren må grunngje framlegget. Men
ingen land har krav på å få tilgang til det underliggjande materialet dersom
forslagsstillaren hevdar at det er konfidensielt eller gradert. Etter at
forslagsstillaren har lagt fram grunngjevinga, har medlemslanda i
sanksjonskomiteen fem døgn på seg til å protestere. Kjem det ikkje
innvendingar, blir vedkomande person eller organisasjon førd opp på FN-lista
Forslagsstillaren
må rett nok «godtgjere» at «kandidaten» fyller vilkåra for svartelisting.
Det gjeld om vedkomande medverkar til å finansiere, rekruttere eller
marknadsføre Taliban eller al-Qaida. Men det er ingen eigentlege beviskrav.
-
Det er nesten umogleg å bli fjerna frå lista om ein ikkje kan prove at
opplysningane er feil. Det er sanksjonskomiteen som i tilfelle må avgjere om
den som er svartelista, skal bli fjerna, seier Arntsen.
Men
problemet er at den det gjeld får ikkje kjennskap til kva konkrete
opplysningar som må «motbevisast». Arntsen seier at norske styresmakter
ikkje er nøgd med dagens system.
Bryt menneskerettane
-
Systemet er heilt uhaldbart, seier straffeprosesseksperten, professor Erling
Johannes Husabø, ved Universitetet i Bergen.
- Dersom ein skal
bli stroke av lista, må alle medlemene i sanksjonskomiteen vere samde om å
styrke namnet. Dette er verre enn veto og blir gjerne omtala som baklengs
veto.
Svartelistinga er ikkje tidsavgrensa. Den kan difor få
dramatiske konsekvensar. Både for den som blir direkte råka og for alle
andre. Det er nemleg forbode å ha økonomisk samkvem med privatpersonar eller
selskap som står oppført på FN-lista.
-
Rettstryggleiken for den som blir svartelista i FN-systemet er eit av dei
største problema i folkeretten i dag. Her er det full skjæring mellom
sanksjonssystemet og grunnleggjande menneskerettar. Gjennom menneskerettane
er alle statar pålagt å sikre rettstryggleiken til borgarane. Denne
tryggleiken bryt FN, seier Husabø og legg til;
-
Tryggingsrådet kan setje til sides det meste av folkeretten, men kanskje
ikkje menneskerettane. Dessutan - sidan FN har immunitet, nyttar det heller
ikkje å gå til sak mot eit FN-organ.
Søk i skattelistene Topplister
Bilder
3 mest leste artikler »
-
Ble sendt hjem til søppelhaug
Alvorlig syk mann ble sendt hjem til dette huset. Sykehuset tar ikke selvkritikk.
-
Vestlandet på Google-kartet
Vestlandet er for alvor satt på Google-kartet. Se bildene her.
Siste innenriks
-
Brann i militærleir
300 AG3-gevær, 200 andre våpen og 2000 skudd ødelagt.
-
Charterbåt totalskadet i brann
MS «Crusi» ble totalskadet i brann i natt.
-
Kraftig børsfall for Aker-selskaper
Få lyspunkt å skimte på Oslo Børs mandag. Særlig Aker BioMarine fikk hard medfart.
På forsiden nå
- 18:36 Slo samboer med jernstang
- 18:14 Politiet tar frem pisken
- 18:08 Økt volum, lavere gevinst
- 17:24 Full utrykning til handleveskebrann
- 17:07 Krasj på Minde
- 16:44 Innbrudd i Griegpark
- 16:17 Branns sesongkortsvikt
- 16:16 - Hvem satte fyr på seilbåten?
- 15:14 30 døde i snøskred i Afghanistan
- 14:52 Gravid kvinne i kollisjon























































