Tvilsam svartelisting

FNs sanksjonskomite svartelistar personar og organisasjonar utan å kjenne bevisgrunnlaget. Heller ikkje dei som blir svartelista får innsyn i bevisgrunnlaget.

Les også:

Dette opplyser underdirektør Torfinn Rislaa Arntsen i Rettsavdelinga i Utanriksdepartementet til Bergens Tidende.

Eit land som vil ha ein person eller ein organisasjon oppførd på svartelista, fremjar forslaget for sanksjonskomiteen. Sanksjonskomiteen er underlagt Tryggingsrådet i FN. Den er samansett av dei same medlemene som til eikvar tid sit i Tryggingsrådet.

Uråd å bli fjerna
Forslagsstillaren må grunngje framlegget. Men ingen land har krav på å få tilgang til det underliggjande materialet dersom forslagsstillaren hevdar at det er konfidensielt eller gradert. Etter at forslagsstillaren har lagt fram grunngjevinga, har medlemslanda i sanksjonskomiteen fem døgn på seg til å protestere. Kjem det ikkje innvendingar, blir vedkomande person eller organisasjon førd opp på FN-lista

Forslagsstillaren må rett nok «godtgjere» at «kandidaten» fyller vilkåra for svartelisting. Det gjeld om vedkomande medverkar til å finansiere, rekruttere eller marknadsføre Taliban eller al-Qaida. Men det er ingen eigentlege beviskrav.

- Det er nesten umogleg å bli fjerna frå lista om ein ikkje kan prove at opplysningane er feil. Det er sanksjonskomiteen som i tilfelle må avgjere om den som er svartelista, skal bli fjerna, seier Arntsen.

Men problemet er at den det gjeld får ikkje kjennskap til kva konkrete opplysningar som må «motbevisast». Arntsen seier at norske styresmakter ikkje er nøgd med dagens system.

Bryt menneskerettane
- Systemet er heilt uhaldbart, seier straffeprosesseksperten, professor Erling Johannes Husabø, ved Universitetet i Bergen.

- Dersom ein skal bli stroke av lista, må alle medlemene i sanksjonskomiteen vere samde om å styrke namnet. Dette er verre enn veto og blir gjerne omtala som baklengs veto.

Svartelistinga er ikkje tidsavgrensa. Den kan difor få dramatiske konsekvensar. Både for den som blir direkte råka og for alle andre. Det er nemleg forbode å ha økonomisk samkvem med privatpersonar eller selskap som står oppført på FN-lista.

- Rettstryggleiken for den som blir svartelista i FN-systemet er eit av dei største problema i folkeretten i dag. Her er det full skjæring mellom sanksjonssystemet og grunnleggjande menneskerettar. Gjennom menneskerettane er alle statar pålagt å sikre rettstryggleiken til borgarane. Denne tryggleiken bryt FN, seier Husabø og legg til;

- Tryggingsrådet kan setje til sides det meste av folkeretten, men kanskje ikkje menneskerettane. Dessutan - sidan FN har immunitet, nyttar det heller ikkje å gå til sak mot eit FN-organ.

Les også

Siste fra Utenriks

- 25 drept i eksplosjoner i Syria

Minst 25 personer ble drept og 175 såret da to bilbomber eksploderte utenfor sikkerhetsstyrkens base i Aleppo i Nord-Syria fredag, ifølge det syriske helsedepartementet.

Karzai: - Åtte barn drept i NATO-angrep

Åtte barn er drept i et luftangrep utført av NATO-soldater i Kapisa-provinsen i Afghanistan, ifølge president Hamid Karzai.

Dette er spille-
listen til Obama

Deler favorittmusikken offentlig.

- Vi bønnfaller verden utenfor, de dreper barna

Befolkningen i den beleirede byen Homs er livredde.

- Nær 30 drept i nye angrep i Syria

Minst 29 mennesker skal ha blitt drept i angrep fra syriske regjeringsstyrker i byen Homs torsdag, ifølge aktivister og opposisjonskilder.

Fokus-eieren sier
opp 2000 ansatte

Tjente 4,2 mrd. før skatt i fjor.

Relaterte bilder

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger