Dei to meiner faren for ein ny borgarkrig, med krigsherrar som kjempar for sine særinteresser med våpen i hand og kastar landet ut i ytterlegare kaos, blir overdriven i vestlege media. — Vi må ikkje undervurdere afghanaranes evne til sjølve å byggja alliansar og etablere eit nytt styre, seier Reidar Grønhaug, professor i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen.

Han og Per Hornfelt, tidlegare leiar for Afghanistan-komiteen i Noreg, meiner den uhyre raske framrykkinga for Nordalliansen dei siste dagane viser korleis denne alliansebygginga kan fungere.

— Folk flest i Afghanistan har fått meir enn nok av den talibanske einsrettinga. Taliban har vore haldne oppe av pakistansk og arabisk støtte. Denne støtta har vorte kraftig svekka, og med det også lojaliteten frå lokale kommandantar. Dei vender seg bort frå Taliban, slik vi har sett i full monn dei siste dagane, seier Hornfelt, som har gjort fleire lange reiser gjennom det krigsherja landet dei siste åra ý seinast no i vår.

Fryktar grannelanda

Dei to meiner ikkje det er grunn til å rekne med ein repetisjon av massakrane og den etniske reinsinga som fann stad etter at russarane trekte seg ut av landet i 1989.

— For det første må vi rekne med at kommandantane har lært at dei ikkje kan fare fram slik ein gong til. Dessutan er dei under ein heilt annan kontroll no enn den gongen, då heile Vesten mista interessa for Afghanistan, seier Grønhaug.

Han ser den største faren i at granneland som Pakistan, Iran og Uzbekistan blandar seg sterkt inn for å fremje sine særinteresser.

— Håpet er at 6+2-gruppa, som består av grannelanda pluss Russland og USA, kan bidra til balanse og ro, seier Grønhaug.

Multietniske tradisjonar

Professoren er også opptatt av at dei etniske motsettingane i Afghanistan ikkje må overdrivast.

— Her har vestleg media gitt eit overforenkla inntrykk. Det finst ingen etnisk reine provinsar, og å oppfatte for eksempel Kabul som ein pashtunsk by er sterkt misvisande, seier Grønhaug. Han viser til at afghanarane har eldgamle tradisjonar for å samarbeide på kryss av etniske grenser, og at den som skulle samle brei støtte i Afghanistan alltid har vore avhengig av andre strenger å spele på enn etnisk identitet.

— Eg fryktar at dette kan ha endra seg litt dei siste 20 åra, med krig og utanlandsk innblanding. Men eg håpar ikkje endringane er dramatiske, seier Grønhaug.

Åtvarer mot marionett

Det verste som no kan skje, er etter Grønhaug og Hornfelts meining at utanlandske krefter plasserer ein marionett på toppen i Kabul, utan den nødvendige støtta frå folket og halden oppe utanfrå.

— Då vil få same miseren som med russarane og Taliban ein gong til. Men det trur eg USA og alle forstår no, seier Grønhaug.

— Vi må tillate og respektere at afghanarane sjølve finn takt og tone med kvarandre, utan innblanding. Stabiliseringsprosessen kan best styrkast ved å gje hjelp til å byggje opp att landet og ved å gje dei noko fornuftig å bytte ut våpna med, seier Hornfelt.