Samfunnsvitaren Ansari er sikker på at USAs syn på Iran som eit terroristreir av verste sort er i ferd med å endre seg. I eit foredrag i Bergen i samband med tildelinga av Rafto-prisen til den iranske menneskerettsforkjemparen Shirin Ebadi, forklarte forfattaren og samfunnsforskaren linjeskiftet han meiner å sjå. Han viste til at den islamske republikken frå første stund har hatt eit dårleg forhold til Taliban-regimet i grannelandet Afghanistan.

— Allereie i 1996 vart Taliban fordømt av Iran som u-islamsk. Iran er eitt av dei ytterst få muslimske landa der Taliban ikkje har nokon sympati, sa Ansari.

Hos USAs viktigaste allierte i regionen er situasjonen ein annan, med folkeleg støtte til Taliban både i Pakistan, Egypt og Saudi-Arabia.

«Store Satan»

Ei av hovudårsakene til fiendskapen i Teheran er at Taliban-styret, som er sunnimuslimar, systematisk har forfølgd shiamuslimar - den trusretningen som prestestyret i Teheran tilhøyrer. I 1998 var det rett før Iran gjekk til krig mot grannelandet, etter ein Taliban-massakre mot shiamuslimar i grenseområda.

Ansari viste til at Iran var raskt ute med å fordømme terroraksjonane i Washington og New York 11. september, trass i at USA heilt sidan revolusjonen i 1979 har vore omtalt som «Store Satan» i retorikken til prestestyret i Teheran.

— Vi veit at det har vore samtaler mellom Iran og USA, sjølv om ingen av partane er villige til å seie for mykje om dette no, sa Ansari, som er leiar for Senter for iranske studiar ved Universitetet i Durham i England og forfattar av fleire bøker om iransk politikk.

Moderate på frammarsj

Han meiner det ikkje berre er ein felles fiende i Talban-styret som kan gjere Iran til ein attraktiv partnar for USA, 22 år etter at revolusjonære studentar okkuperte den amerikanske ambassaden i Teheran og tok 50 gislar - ei hending som skapte ein isfront mellom det nye iranske prestestyret og USA.

Moderate krefter har hatt sterk framgang i Iran dei siste åra. Konservative krefter i presteskapet har kjempa imot, men reform-presidenten Mohammad Khatami vart attvald etter eit valskred i valet i juni.

- Eit islamsk mikrokosmos

— Iran er ein nasjon der det faktisk blir prøvd å modernisere islam. Landet gjennomgår eit demokratisk eksperiment, og er på mange måtar eit mikrokosmos av den kampen som i dag pågår i den islamske verda, sa Ansari.

Det tiltakande demokratiet skil Iran frå både Pakistan, Saudi-Arabia og Egypt ý diktatur der høvesvis ein militærdiktator, eit kongehus og ein eineveldig president sit ved roret.

— Vi kan rekne med at den politiske situasjonen i Iran vil vere langt meir stabil framover enn i mange av grannelanda. Det gjer Iran interessant for USA, seier Ansari.