Organisasjonen følgjer den fastlåste konflikten mellom Serbia og Kosovo tett. Palmer er samd i at Kosovo har store problem med kriminalitet og korrupsjon.

— Alt er bygd opp frå botnen, på få år. Dei første institusjonane var på plass først i 2001, seier Palmer, som er ICGs Balkan-sjef, med kontor i Pristina.

— Då er det ikkje så rart at dei har større problem enn andre land i regionen, meiner han.

Palmer trur året på mange måtar må ha vore ein skuffelse for den ferske regjeringa i Kosovo - særleg fordi berre 54 statar har anerkjent landet. Statsminister Hashim Thaci spådde i fjor at minst 100 land ville sleppe Kosovo inn i varmen innan få veker etter sjølvstendeerklæringa.

Den manglande kontrollen med dei serbiske områda er også eit stort problem for regjeringa.

Palmer trur likevel ikkje det vil kome til ei lausriving av dei serbiskdominerte områda nord i Kosovo, mot grensa til Serbia.

— Det vil vere farleg for stabiliteten i heile regionen: Det vil løyse ut krav om grensejusteringar også frå minoritetar i andre land: Albanarar i Makedonia og Serbia, og serbarar i Bosnia-Hercegovina. Det internasjonale samfunnet vil ikkje sjå seg tent med dette, seier Palmer.

Han minner også om at to tredelar av serbarane i Kosovo ikkje bur i nord, men lever spreidd i små, serbiske lommer i andre delar av Kosovo. For desse vil ei grensejustering ikkje løyse nokon problem.