Tysdag fall verdien på Fjord Seafood med over 100 millionar kroner. Det skjedde etter at Bergens Tidende skreiv at EU-kommisjonen vil ha toll på importert laks for å verne skotske og irske oppdrettarar mot konkurranse.

Uvissa trugsmålet om straffetoll har skapt er skadeleg for verdien på aksjane. Difor vil Rolf Domstein (bildet) har ei avklaring så raskt som råd, sjølv om han trur Noreg til sist vil sleppe vernetollen.

Med utgangspunkt i framlegget frå EU-kommisjonen vil tollen gi norske oppdrettarar ein ekstra kostnad på nesten ein halv milliard kroner dei 200 dagane tollen kan vare.

Satsar på industrien

Men Domstein nektar å vere med på eit slikt reknestykke. Har trur fleirtalet av dei 25 EU-medlemene vil vende tommelen ned.

— Eg veit at det er veldig mange fleire menneske i EU som lever av å arbeide med norsk laks enn å drive oppdrett. Og der er sterke forbrukarinteresser som ønskjer å få laks til konkurransedyktige prisar, seier Domstein.

Meldinga om ein mogleg toll på lakseimporten sende sjokkbølgjer rundt på den store sjømatmessa i Brussel denne veka. Signal om at tollen kunne bli så høg som 25 prosent gjorde meldinga ekstra urovekkjande.

Sjokkverknaden kan vere eit gode for norske oppdrettarar, meiner Domstein, som kom heim frå Brussel i går.

— Det positive som har kome ut at dette er eit veldig engasjement frå industrien i Europa, for å sikre at deira nasjonale styresmakter tek vare på industrien sine interesser, seier Domstein.

Petersen tek styringa

I UD har utanriksminister Jan Petersen sjølv teke over den daglege leiing av arbeidet for å hindre at EU innfører straffetoll på norsk laks.

Pettersen ringer no rundt til sine kollegaer i EU-hovudstadene og er i kontakt med EU-kommisjonen i ein intens kampanje for norske interesser.

Den såkalla «Safeguard-komiteen» i EU, som gir råd i spørsmål om strakstiltak, skal møtes onsdag i neste veke.

Pressetalsmann Karsten Klepsvik i departementet trur ikkje møtet i neste veke er siste frist for å unngå straffetoll. Men han trur det hastar, og ventar at spørsmålet om straffetoll vil vere avgjort i løpet av mai.