Søndag fekk Kristensen storfangst på garn ved Varaldsøy i Hardangerfjorden. Hannkveita var på heile 55 kilo og 168 centimeter lang. Hannkveiter vert sjeldan meir enn 30 til 40 kilo, medan hokveiter kan koma opp i 350 kilo.

- Eg tok kveita på eit breiflabbgarn. Starta på om lag 45 meter og det gjekk ned til om lag 200 meter. I tillegg til kveita fekk eg og ein breiflabb på 28 kilo på garnet, seier Tore Hartvik Kristensen til bt.no.

Kristensen er sjølv son av ein kvalfangar frå Sandefjord.

- Far min hadde 26 sesongar i Sørishavet, så eg har jo høyrt ein del i historier. Men det er spesielt å få ei så stor hannkveite. Det er ein del hannkveiter i fjorden her, men vi må ta godt vare på hokveitene. Eg hiv stadig ut småkveiter eg fangar, seier den en seksti år gamle yrkesfiskaren, som bur i Rosendal. Sjølv var han reklamemann i 24 år, før han for sju år sidan skifta over til å bli deltidfiskar.

Kristensen fortel at kveita var merka og har vandra ganske langt. Han ringde merkemannen Torstein Halstensen, og han stadfesta kva han hadde tatt opp.

Kveita er nest største hannkveita som er registret i verda.

- Merkemann og spesialist på kveite, Torstein Halstensen, seier til dagbladet.no, at Kristensen har fått ei sjeldan fin kveite. Han har sjølv drege den største hannkveita som er registrert. Den var ein meter og 75 centimeter lang, og blei tatt vest for Sotra i mars 2009.

Halstensen har merket i alt 500 kveiter de siste åtte åra. Han følgjer vandringsmønsteret til fisken.

- De vandrer over store områder. Vi er opptatt av å få bygd opp igjen bestanden, som er beklagelig dårlig. Derfor holder vi alltid helt tett om hvor vi drar kveite, sier Torstein Halstensen til dagbladet.no.