Det er avisa Grenda som fortel denne fiskehistoria.

Den fiskeglade tyskaren heiter Karl Solblik. Til dagleg som ein av leiarane for eit kabelfjernsynsselskap Südharz Media i Wippra. For sjette året reiste han i haust til Rosendal på fiskeferie. I år saman med sin 10 år gamle son Lukas, skriv Grenda.

I sekstida onsdag kveld stod far og son i fjøresteinane på Nes i Rosendal og fiska.

Då fekk Lukas ein fisk på kroken og måtte ha hjelp. Etter at han skulle ta att si eiga fiskestong, trudde han at kroken hadde festa seg til botnen. Men så viste det seg at det levde i den andre enden. Han vart var ein grå stor skugge langt ute på fjorden som hadde bite på kroken. Karl ropte til dei to kameratane som var ute på fjorden i båtar.

— Vi kjempa ein halvtime, fortel Karl, som seier han ikkje hadde klart seg utan hjelp frå Lukas. Endeleg kom dei andre til. To menn fekk lyfta breiflabben opp i båten og dermed var kampen over, skriv Grenda.

Vekta synte 51 kilo og breiflabben var 1,50 meter lang. I dag reiste tyskarane heim med bilen full av fisk.

Se bilde av breiflabben på Grenda.no