Diplomatane arbeider i åtte veker, følgd av to veker obligatorisk fri utanfor landet – ei ordning reservert for dei mest krevjande utanrikspostane.

Ektefeller, sambuarar og barn må bli igjen heime. Det norske ambassadeområdet kan best samanliknast med ein festning, og dei tilsette har i utgangspunktet ikkje lov til å røre seg ute i byen på eiga hand. Tungt væpna vakter passer på ved porten, og transport rundt i byen skjer i regelen i pansra bilar.

Standard lengde på opphaldet er to år. Det vanlege ved andre utanriksstasjonar er minimum tre år.

Kabul-ambassaden har også det aller høgaste «hardship»-tillegget av alle norske utanriksstasjonar, som skal kompensere for påkjenningar ved å leve i eit vanskeleg miljø.Ein ambassadesekretær i Kabul får i dag til saman kr. 429.000,— på toppen av den vanlege UD-lønna, fordelt på fem ulike tillegg.

UD-leiinga ser nå på fleire alternative tiltak for å gjere stillingane enda meir attraktive:

Ytterlegare økonomisk kompensasjon.

Kortare kontraktsperiodar.

Hyppigare friperiodar og heimreiser.

Ordningar som gjer at dei som har tenestegjort i Kabul får større valfridom når dei skal vidare i UD-systemet.

– Vi har ikkje konkludert. Førebels er dette ein intern prosess som eg ikkje kan uttale meg om, seier ekspedisjonssjef Aud Kolberg i Utanriksdepartementet.

Ekspedisjonssjef Aud Kolberg i Utanriksdepartementet.
Hansen, P�