– Nitai! Nitai! Nitai!!!

Ropa skar gjennom klar vinterluft og kald sol på Har Herzel-kyrkjegarden i Jerusalem i går. Miriam Stern greidde berre så vidt å stå på føtene framfor grava til yngstesonen. Rundt henne stod ein taus flokk: ektemannen Reuben, dottera Shira, sønene, slektningar, naboar, kollegaer.

Dei var samla under pinjetrea på den militære kyrkjegarden for å seie farvel til 21 år gamle Nitai Stern, soldat i ei eliteavdeling i den israelske hæren.

Eit stykke bak i hopen stod meinig Avishai Goldenberg med geværet over skuldra og den brune bereten på hovudet. Han gret ukontrollert over den døde kameraten.

Fall for sine eigne

Kvelden før var Nitai Stern og resten av troppen hans inne i Gaza. Dei hadde gått inn i eit hus og konstatert at det var tomt. Dei skulle berre kvile litt før dei rykka vidare framover.

Ein israelsk stridsvognkommandant visste ikkje at dei var der. Han såg berre menn med våpen i eit mørklagt hus, og fyrte av.

Nitai Stern og to medsoldatar døydde der. 20 andre vart skadde.

Les også: Bykrig er neste skritt

I går kveld var dei offisielle tapstala på israelsk side komne opp i seks. Sett opp mot talet på døde inne på Gaza-stripa – legar der melde om 635 døde totalt i går – blir det lite.

Men for dei som stod samla på soldatkyrkjegarden i Jerusalem i går, var tapet av ein son, bror og kamerat så alt for mykje.

Dystre minne frå 2006

Forsvaret i Israel – Israel Defence Forces, eller IDF – har ein heilt spesiell posisjon. Nasjonen er bygd og forsvart med våpen i hand, IDF har vore ein hjørnestein frå første stund i 1948.

All ungdom pliktar å gjere førstegongsteneste der; tre år for mennene, to år for kvinnene. Alle familiar har nokon som har vore i krigen for Israel, mange har mista nokon dei hadde kjær.

Difor er det israelske samfunnet også sensitivt for tap av soldatliv.

Dei mange døde er ein av grunnane til at Libanon-krigen i 2006 har fått stempelet som ein fiasko i Israel. Den gongen omkom 121 soldatar. Dei greidde heller ikkje å få fri ein soldat som var tatt av Hizbollah-militsen før dei gjekk til krig; ei anna utoleleg audmjuking.

Ville bli elitesoldat

– Han var slik ein gløgg og kjenslevar ungdom, seier Stuart Chesner og bit seg i underleppa. Han var klasseforstandar for Nitai på vidaregåande. I går måtte han ta turen på kyrkjegarden etter å ha fått vite at eleven hans var drepen kvelden før.

Til forskjell frå dei mange ofra på Gazza-stripa, får dei døde israelske soldatane eit namn og eit ansikt. I Gaza slepp ingen utanlandske journalistar til, men må nøye seg tørre tapstal og korte intervju på ustabile telefonlinjer. Dei fryktelege bileta som går verda rundt blir leverte av lokale fotografar.

Se også: Et helvete på jord

Dei israelske historiene går det an å fortelje.

– Han ville så gjerne inn i spesialstyrkane. Eg prøvde å få han ifrå det. Dei ville ikkje ha han heller, først. Men han arbeidde hardt, og greidde det til slutt, seier lærar Chesner.

Etty Kattan (33) hadde tatt på dei mørke solbrillene i går. Ho arbeidde med mor til Nitai i finansdepartementet. Snart får ho ein ny soldat å vere redd for: Gamlekjærasten er kalla heim frå New Zealand for å delta i krigen. Han er ein av mange reservistar som på ny må trekkje i uniform.

– Han landar fredag. Laurdag skal han inn. Eg håpar Gud vil halde han i live, seier Etty.

– Gud gir, og Gud tek

Det er ennå ingen sterk opposisjon mot krigen mot Hamas i Israel, regjeringa har tverrpolitisk støtte til krigføringa.

– Krigen er på ein måte ei lette, sjølv om det gjer vondt. Eg trur krigen måtte til. Dei har bomba oss i åtte år, seier Etty Kattan.

Spørsmålet er om det lar seg gjere med våpenbruk, og om Israel er villig til å betale det det i så fall vil koste.

– Gud gir, og Gud tek. Gud vere lova, sa faren til Nitai Stern, ein stor mann med kippa, til dei frammøtte. Han kjempa med gråten.

Gravferda vart avslutta med salutt frå automatvåpna til ni medsoldatar. Meinig Avishai Goldenberg seig på kne, tok av skuldermerket som viser at han høyrer til elitestyrken Golani-brigaden, skreiv ei siste helsing til kameraten og la det blant blomane på grava.

Etterpå var det berre gråt å høyre, og klapringa av eit militærhelikopter over Jerusalem.


Se også: Leserombud i Bergens Tidende, Terje Angelshaug, spør seg om BT og andre medier underslår informasjon som kan være til Israels fordel.

Håvard Bjelland
Håvard Bjelland