VIDAR YSTAD

Dermed er epoken med Arne Huuse etter 12 år som sjef for Kripos, over.

Odd Olsen Ingerø blir omtala som ein samarbeidsmann i kontrast til Arne Huuse som oftast blir karakterisert som ein «imperiebyggar». Ingerø nyt brei fagleg respekt både i politi og påtalemakt.

Ingerø har vore sysselmann på Svalbard sidan 2001. Før han fekk denne «kremjobben», var han i 16 år politimeister: først i 12 år frå 1985 som politimeister i Sør-Varanger, så frå 1997 som politimeister i Fredrikstad.