Vi står stille og lyttar, men høyrer ingenting. Så; – brått er det der. Har du sett slikt. Opp med kamera. Knipsar desperat. Så vert det borte i dimman.

Bombardier Regina, også kalla «det grøne toget», har i 10 dagar gjort livet utrygt langs Botniabanan. På 60 kilometer av den i alt 190 kilometer lange og splitter nye strekningen har togføraren jamnt og trutt pressa pressar toget opp i over 250 kilometer i timen.

Siste dagen, onsdag 17. juni, nådde toget 289 kilometer i timen i ein tunnel sør for Ørnskøldsvik.

Men dette toget har vore oppe i 303 kilometer i timen på ein jernbanestrekning i nær Stockholm, seier Gunnar Sundgren, informatør ved Botniabanan AB. Sjølv står ham med filmkamera på stativ for å ta video for Botniabanan sine internettsider.

Sundgren riv kameraet rundt på stativet då for å fylgja med når Regina fyk forbi. Stille som tjuven om natta.

Beste i Sverige Prøvekøyringa har foregår utan passasjerar. Jamvel Botniabanan AB måtte pressa på for at Gunnar Sundgren kunne vera med ein tur for å filma frå toget.

Botniabanan, frå Kramfors til Umeå i NordSverige, har den aller høgste standard Sverige i dag kan framvisa av jernbane. 190 kilometer bygd for 250 kilometer i timen og med siste skrik av elektronisk og EU-godkjent tryggleiksutstyr. Einspora med mange kryssingsspor.

Botniabanan er bygt med nøyaktig den standard som mange tenkjer seg for norske høgfartsbaner.

Livsfarleg og forbode Anleggsarbeidet på Botniabanan tok til i 1999. Neste år skal heile strekningen opnast for passasjertrafikk.

– Vi har vore i Stockholm og snakka med Hoffet. Og både kongen og dronninga vil vera til stades den 28. august 2010 for å kasta glans over opninga, seier informasjonssjef i Botniabanan, Jan Bergmann.

I mellomtida driv Botniabanan kampanje på ulikt nivå for å oppdra alle som bur langs strekningen til å ha respekt for toget.

– Den gamle jernbana går langt inne i landet. Her ute ved kysten er tog nesten heilt ukjent. Vi satsar særleg på skulane for å informera om den nye tida med jernbanetrafikk og tog i høg fart. Vi gjer det heilt klårt at det er både livsfarleg og forbode å koma nær jernbanesporet, seier Jan Bergmann.

Umogleg å sperra alt – Ute i ope lende er jernbanesporet heilt usikra. Ikkje noko gjerde. Kven som helst kan rusla rett uti. Kor gjennomtenkt er dette?

– Der jernbana går gjennom tettbygd område er sporet sperra av. Men vi ser det slik at det er umogleg å sperra heile landskapet, seier Bergmann.

Men på den 190 kilometer lange strekningen er det 143 bruer. Ikkje berre over elvar og bekkar, men og over dalføre og lågtliggjande terreng. Slik at der er tett med passasjar der både dyr og menneske kan passera under lina.

Lokaltrafikk Gunnar Sundgren opplyser at togselskapet som skal trafikkera strekninga etter opninga, har tinga tog med toppfart 180 kilometer i timen. Sjølv om sporet er bygt for 250 km, har Botniabanan ikkje same ambisjonar om fart og kort reisetid som dei norske draumane. Toget på Botniabanan skal ikkje konkurrera med flytrafikk. Det kan verta aktuelt ein gong, men først når det er mogleg å køyra med høgfart sørover heilt til Stockholm.

– Toget her skal køyra i lokaltrafikk og stoppa på mange stasjonar. Uansett vil reisetida mellom for eksempel Ørnskøldsvik og Umeå verta mykje kortare enn i dag med bil. Skuleelevar og arbeidsfolk får kortare reisetid. Vi trur toget vil bidra til å halda oppe busetnad langs heile strekningen. Og så er den nye bana ikkje minst viktig for godstrafikken, seier Gunnar Sundgren.

LYDLAUST OG LYNFORT: Testtoget har køyrt att og fram på Botniabanan i 10 dagar. På biletet passerer toget Nyträbrua, ei av tre bruer på Botniabanan som er over 1 kilometer lange. Farten akkurat her vart oppgjeven til 220 kilometer i timen. Foto: John M. Lindebotten