Dei skal no endra rutinane, og garanterer at det aldri skjer igjen.

Ein veterinærassistent ved Stord dyreklinikk seier at «Enzo» vart avliva som følge av ei stor og stygg mistyding.

— Det var ein feil som ikkje burde skjedd. Vi oppfatta kunden slik at han ville ha katten avliva, mens han eigentleg sa «avlevera». Vi følgde alle rutinar for avliving, med oppfølgingsspørsmål. Han som leverte katten burde kanskje ha fanga opp at her var noko feil, men det gjorde han ikkje, fortel assistenten som vil vera anonym.

— Vi tok kontakt med kunden og har gjeve til kjenne vår sterkaste medkjensle og har beklaga det som skjedde. Vi har sjølvsagt gjort opp for feilen. Eigaren slepp å betala for noko, men same kva vi gjer må ho lida tapet likevel. Dette går veldig sterkt inn på oss òg, seier assistenten.

Ho garanterer at slikt ikkje vil skje igjen, og understrekar at dei ikkje har hatt liknande tilfelle tidlegare. No vil dei innføra eit nytt skjema som kunden må skriva under på ved avliving.