Gamle pengegåver vart som nye då den amerikanske presidenten kom på besøk til Oslo. Det meste av pengane Jens Stoltenberg varsla til Afghanistan var gamle løyvingar, viser ein gjennomgang Bergens Tidende har gjort.

«Eg er nøgd med å kunngjere at Noreg vil auke det finansielle bidraget til den afghanske hæren og politiet til totalt 110 millionar amerikanske dollar for perioden frå 2010 til 2014», sa Jens Stoltenberg 10. desember i fjor. Ved sida av han på podiet stod president og fredsprisvinnar Barack Obama. Han takka og slo fast at Noreg boksar «over si eiga vektklasse» med dei store bidraga til Afghanistan.

Gåva vart referert vidt og breitt. Alt medan pressekonferansen pågjekk, rulla meldinga over fjernsynsskjermen på NRK: «Norge øker det økonomiske bidraget til Afghanistan».

Etter pressekonferansen forklarte Stoltenberg at 30 av dei 110 millionane alt låg inne på statsbudsjettet for 2010, og slik sett var kjent frå før.

«De resterende 80 millioner dollarene er friske penger», konstaterte NTB.

Det var ei sanning med store modifikasjonar.

Lova bort i Paris i 2008 Ei pressemelding frå Statsministerens kontor (SMK) same dag om «det økte norske bidraget» peikar på at norsk bistand til landet «er allerede på 120 millioner dollar hvert år».

Var det altså slik at «det økte norske bidraget» kom på toppen av det som alt var lova ut? På ingen måte.

I år blir alle pengane til afghansk politi henta frå den årlege potten på 120 millionar dollar, eller 750 millionar kroner, som Noreg brukar på sivil gjenoppbygging i Afghanistan kvart år.

Desse pengane lova Stoltenberg-regjeringa ut alt for to år sidan. På den store gjevarkonferansen for Afghanistan i Paris sommaren 2008 kunngjorde utanriksminister Jonas Gahr Støre at Noreg ville bruke 750 millionar kroner årleg dei neste fem åra på sivil bistand i Afghanistan. Lovnaden er seinare gjentatt i ei stortingsmelding og i fleire pressemeldingar frå regjeringa.

Dette hindra ikkje statsminister Jens Stoltenberg i å lansere delar av desse pengane som «nye», lenge etter Paris-konferansen.

I talen sin på NATO-toppmøtet i Strasbourg i fjor vår kunngjorde Stoltenberg at «Norge vil øke sin støtte til Afghanistan med totalt 30 millioner US dollar». Gladmeldinga om den auka norske støtta vart gjentatt i ei pressemelding frå SMK, og referert i ei rekkje norske media.

Det regjeringa ikkje fortalde, var at 10 av desse 30 millionane skulle hentast frå den for lengst kunngjorde årlege potten på 750 millionar norske kroner til sivil bistand.

Skal fordelast på to fond Glansnummeret vart gjentatt under Obamas besøk i Oslo i desember.

Pengane som Stoltenberg lova bort under pressekonferansen med den amerikanske presidenten, skal delast i to:

  • 60 millionar US dollar går til den afghanske hæren. Pengane skal slusast inn via det USA-styrte «Afghan National Army Trust Fund», og blir henta frå det norske forsvarsbudsjettet.
  • 50 millionar US dollar går til det afghanske sivile politiet, via eit FN-administrert «Law and Order Trust Fund». Pengane blir henta frå Utanriksdepartementets budsjett.

I UD får BT opplyst at alle pengane til politiet vil bli henta frå potten som for lengst er lova ut til sivil bistand.

— Pengane til «The Law and Order Trust Fund» vil liggje innanfor totalramma på 750 millionar norske kroner årleg til sivil gjenoppbygging i Afghanistan. Det er dette vi legg opp til også for dei neste fire åra, seier kommunikasjonsrådgjevar Marte Lerberg Kopstad i UD.

Hærpengar det einaste nye Ved å bryte opp Stoltenbergs gåve under Obamas besøk i «nye» og «gamle» pengar, ser reknestykket slik ut:

  • 20 millionar US dollar til den afghanske hæren i 2010. Pengar som alt låg inne i statsbudsjettet, og som også vart lagt på bordet under NATO-toppmøtet i april.
  • 10 millionar US dollar til afghansk politi i 2010. Pengar som alt låg inne i statsbudsjettet, og som også vart lagt på bordet under NATO-toppmøtet.
  • 40 millionar US dollar til afghansk politi i 2011 til 2014. Pengar som vart lova bort alt under gjevarkonferansen i Paris i 2008.

Det som står igjen som «nye pengar» av Obama-gåva, er 40 millionar US dollar som skal gå til den afghanske hæren i 2011 til 2014.

Resten, totalt 70 millionar US dollar, hadde regjeringa Stoltenberg for lengst presentert og tatt æra for, lenge før president Obama kom til Oslo.

Taust frå statsministeren

Statsministerens kontor ønskte i går ikkje å kommentere Jens Stoltenbergs pengeløfte til Obama.

«Du kan sitere meg på at rammene for norsk støtte til Afghanistan for 2011–14 ikke er fastlagt», skriv statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen (Ap) ved Statsministerens kontor i ein SMS til Bergens Tidende.

Han viser til at statsbudsjettet for 2011 først blir lagt fram for Stortinget til hausten.

Når det gjeld spørsmål om kvar pengane som vart lova bort under Obama-besøket skal hentast frå, og kva som er «gamle» og «nye» pengar, viser Giæver Eriksen til Utanriksdepartementet og Forsvarsdepartementet.

I UD får BT stadfesta at pengane til afghansk politi er tenkt henta frå den årlege ramma på 750 millionar norske kroner til sivil gjenoppbygging, som har vore kjent sidan 2008 (sjå hovudsak).

Statssekretær Espen Barth Eide (Ap) i Forsvarsdepartementet seier pengane til den afghanske hæren vil vere ekstraløyvingar.

— Det nye for vår del var eit løfte om å vidareføre støtta i 2010 i fem år. Forsvarsdepartementet fører dette som utgifter til utanlandsoppdrag, og det er snakk om ekstraløyvingar. Det vil altså ikkje gå ut over andre formål, seier Barth Eide.

Diskuter saka her!