Utanriksminister Jan Petersen har sjølv teke over den daglege leiinga av arbeidet for å hindre at EU innfører toll på laks i eit forsøk på å verne skotske og irske oppdrettarar mot konkurransen frå Noreg, Chile og Færøyane.

Trugsmålet om straffetoll vart offentleg kjent gjennom Bergens Tidende tysdag.

— Dette er ei sak som vi tek på det største alvor, understreka pressetalsmann Karsten Klepsvik i Utanriksdepartementet same dag.

Kjende saka

I følgje Klepsvik hadde departementet vore orientert om den alvorlege utviklinga nokre dagar i førevegen.

Dagen etter, onsdag, stadfesta Klepsvik at Utanriksdepartementet kjenner til at EU-kommisjonen gjer framlegg om å innføre ei importavgift, det vil seie ein toll.

Det er Utanriksdepartementet som har ansvaret for det internasjonale arbeidet for å forhindre laksetoll. Men Klepsvik understrekar at Utanriksdepartementet har orientert Fiskeridepartementet undervegs.

— Utanriksdepartementet er i løpande kontakt med Fiskeridepartementet om saka, seier Klepsvik,

Visste ingenting

Men statssekretær Janne Johnsen i Fiskeridepartementet hadde ein heilt annan kommentar enn Klepsvik då ho vart intervjua av nettavisa Intrafish på den store fiskerimessa i Brussel tysdag:

— Vi i den politiske leiinga i Noreg ville visst det om det var ei straffetollsak på gang. Ein straffetoll på norsk laks er følsame saker, særleg dersom det er rykte som er sett ut, sa Johnsen.

Ho understreka at den politiske leiinga ikkje kjende til noko om ein eventuell straffetoll.

— Vi har ikkje høyrt noko om den påståtte straffetollen. Det er rart at nokon har glede av å spreie rykte som ingen har høyrt om, sa Johnsen.

Ingen dramatikk

Då fiskeriminister Svein Ludvigsen møtte norsk presse på sjømatmessa i Brussel onsdag sa han at han ikkje hadde høyrt noko frå EU om tollsaka:

— Eg vil ikkje vere med på å spekulere i nokon utgang. Eg har ikkje fått signal om nokon dramatikk, sa Ludvigsen.

I følge Kari Ågotnes ved informasjonsavdelinga i Fiskeridepartementet seier Janne Johnsen at ho i Brussel svarte på eit spørsmål om ho kjende til at EU planla ein toll på 25 prosent.

— Det svarte ho nei på, seier Ågotnes.

Via Ågotnes seier Johnsen at Fiskeridirektoratet har eit utmerkt samarbeid med Utanriksdepartementet.

ILLE OG IKKJE SÅ ILLE: Utanriksminister Jan Petersen (øverst) og fiskeriminister Svein Ludvigsen uttalar seg ulikt om faren for at EU innfører laksetoll. <br/> Foto: SCANPIX