OGNE ØYEHAUG

FRANK ROSSAVIK

EU-kommisjonen varslet i går medlemslanda om den meiner det er grunn til å innføre såkalla strakstiltak mot Noreg, Chile og Færøyane.

Poenget er å verne den kriseråka oppdrettsnæringa i Skottland.

Kjelder i Brussel stadfester at kommisjonen vil legge toll på all lakseimport til EU i inntil 200 dagar.

Med unntak av tollsatsen vert desse opplysningane stadfesta av pressetalsmann Karsten Klepsvik i Utanriksdepartement.

Han seier at departementet kjenner til meldinga EU har sendt ut, og at EU vil bruke det han i diplomatiske vendingar kallar «importavgift» mot mellom andre norske lakseoppdrettarar.

Petersen overtek

— Vi har all grunn til å ta opplysningane alvorleg, seier Klepsvik.

Utanriksminister Jan Petersen har sjølv teke over den daglege leiing av arbeidet for å hindre at EU innfører straffetoll på norsk laks.

Pettersen ringer no rundt til sine kollegaer i EU-hovudstadane og er i kontakt med EU-kommisjonen i ein intens kampanje for norske interesser.

Den såkalla «Safeguard-komiteen» i EU, som gir råd i spørsmål om strakstiltak, skal møtes onsdag i neste veke.

Klepsvik trur ikkje det er siste frist for å unngå straffetoll. Men han trur det hastar, og at spørsmålet om straffetoll vil vere avgjort i løpet av mai.