Er du litt redd for at julebrevet til slekta utanlands ikkje held mål, reint språkleg? Framande språk har stygge feller. Ord og vendingar kan ha ei heilt anna meining enn du trur. Det kan blir frykteleg feil.

For ein snau tusenlapp kan eit nytt dataprogram frå Nordisk Språkteknologi (NST) på Voss redda situasjonen. Frå måndag er dei i handelen i Telebutikken på Voss, CD-plate og rettleiing i høveleg hardpakke til å gå under juletreet.

Flest til næringslivet

— Vi kjem nok til å selja flest program til næringslivet, firma som vil hjelpa sine tilsette med skrivinga og kvalitetssikra forretningskorrespondansen, men også private har nytte av programmet, seier Arne Gilbakken. Det kan Stephen Clark i Telebutikken skriva under på. Som engelskmann på Voss har han sjekka tallause brev før brevskrivaren har våga å senda dei.

NST-gründeren Arne Gilbakken er no sjef for forretningsområdet hjelpemiddel og læringssystem i selskapet.

Vanleg retteprogram

Installert i datamaskina blir programmet «NST CorrectIT» integrert i skriveprogrammet Word, med eige ikon på verktylinjalen. Det fungerer som eit vanleg retteprogram, men er spesielt merksam på typiske «feller» som nordmenn går i. Den svenske versjonen er tilsvarande vâr for typiske engelskfeil hjå «søta bror».

Programmet finn også logiske og grammatiske feil. Det aksepterer til dømes ordet «recommend» for å tilrå, men ikkje for rekommanderte brev, og det forklarer skilnaden.

— Over 6.000 lingvistiske reglar er basis for programmet, opplyser Gilbakken, glad over å kunne presentera det første programmet i vanleg butikksal.

DEMO: NST sin salsansvarlege for Noreg, Margunn Instefjord, demonstrerer dataprogram. I bakgrunnen NST-gründer Arne Gilbakken.
FOTO: ARNE HOFSETH