TERJE ULVEDAL (tekst og foto) terje.ulvedal@bergens-tidende.no Fjærland

Han meiner valet av Dick Cheney som visepresidentkandidat, ikkje er det luraste George W. Bush har gjort. Sist veke ferierte den tidlegare amerikanske visepresidenten og presidentkandidaten i Fjærland, der oldeforeldra og bestefaren utvandra frå i 1857. Sjølv om Mondale ikkje lenger spelar noko sentral rolle i amerikansk politikk, er han framleis svært godt orientert. Etter at han tapte presidentvalkampen mot Ronald Reagan i 1984, har Mondale vore mykje nytta som ekspertkommentator både av amerikanske og utanlandske media. Den posisjonen har han oppnådd fordi han vert rekna å vere både fritt-talande og fritt-ståande innanfor amerikansk politikk.

Nummer to

På terassen utanfor Mundal Hotel legg ikkje Mondale skjul på at han håpar partikollega Al Gore skal overta president-embetet etter Bill Clinton. Samstundes understrekar han at Gore har historia mot seg. — I regelen taper amerikanske visepresidentar når dei prøver å verte valt til president, seier Mondale. Den tidlegare topp-politikaren forklarer dette med at visepresidenten alltid vert sett på som nummer to. Opinionen oppfattar det slik at visepresidenten har ein underordna rolle. - Sjølv om Bill Clinton har hatt sine private affærer som det amerikanske folk nok ikkje gløymer så lett, er det ei utbreidd oppfatning at Clinton har vore ein god president for USA. Meiningsmålingar viser at så mange som 70 prosent av amerikanarane meiner han har gjort ein god jobb. Samstundes er det gode tider i USA. Dette skulle ein tru ville tale til fordel for visepresidenten. Men slik er det nødvendigvis ikkje. Gore må skape si eiga plattform. Det tek ei stund før opinionen vert vane med at han ikkje er nummer to lenger, men skal vere nummer ein.

Vind i segla

For nokre veker sidan synte meiningsmålingane klart forsprang for republikanaren Bush på demokraten Gore. 10-12 prosent har Bush leia med. Men i det siste har det komme målingar som viser langt mindre avstand mellom dei to. Og Mondale meiner valet som Bush gjorde av visepresidentkandidat, Dick Cheney, kan ha gitt Gore gratis drahjelp. - Den amerikanske opinionen oppfattar Cheney som ein politikar som ligg langt til høgre. Om Al Gore no finn ein visepresidentkandidat som står trygt plassert i sentrum, og som samstundes har tillit i det amerikanske folk, trur eg det vil gje demokratane ytterlegare vind i segla. - Veit du kven det blir? - Nei, det får vi først vite om eit par veker. Men eg har snakka med folk som står Gore nær. Det finst fleire kandidatar.

Høg temperatur

Mondale trur på ein svært jamn kamp mellom dei to presidentkandidatane. Og at det vil verte ein valkamp med mange sterke ord. - Det skal verte svært spennande å følgje landsmøtet til Republikanarane. Tonen vil gje ein klar peikepinn på korleis valkampen vil arte seg. Men eg trur vi vil sjå ein veldig tøff valkamp, kanskje den tøffaste nokon gong. Det vil verte brukt mange harde og sterke ord. Temperaturen vil vere svært høg. Slik er det alltid når det er "close race" mellom to presidentkandidatar.