Eit serbisk flagg sperrar gata like ved kyrkja i landsbyen Lazarevo. Mørket har akkurat falle på og det er ingen gatelys, men folka her har ikkje tenkt å ta kvelden. Dei er minst eit par hundre. Dei fleste er unge menn, men også kvinner, nokre barn og mange vaksne menn er møtt fram. Fleire har flagg over akslene, stemninga er amper i sommarvarmen.

«Boris! Redd Serbia, gå og heng deg!» gaular ei gruppe menn som ikkje er edrue. Dei syng om president Boris Tadic – mannen som nokre timar tidlegare på dagen kunngjorde at Europas mest ettersøkte mann, general Ratko Mladic, var arrestert her i denne gata.

Prest og flagg

Vi har køyrt i ein dryg time nordover frå Beograd, gjennom grøne og frodige jordbruksområde. Her, ved den vesle ortodokse kyrkja i kvitpussa murstein, er det stopp.

Politibilar sperrar for biltrafikken, trafikkpoliti og opprørspoliti er på plass. Ein prest frå landsbyen har også møtt fram, med svart fotsid prestekjole og stort skjegg. Han står ved ei svart fane, eit anna symbol for dei serbiske nasjonalistane. Det er tydeleg at dei ikkje vil snakke. Utanlandske journalistar er ikkje velkomne her.«La oss knuse kameraet i hovudet på henne», seier ein av mennene då BTs fotograf går forbi.

— Eg kunne ikkje tru det, seier Nebojsa Krsmanovic (31) om meldinga om at generalen var tatt, akkurat her, på heimplassen hans, ein liten landsby i Nord-Serbia med 3000 innbyggjarar.

— Denne plassen er jo så liten at alle høyrer det når nokon slepper ein fis. Det er utruleg at han var her, seier 31-åringen. Han er den einaste som synest vennleg innstilt – det er kanskje fordi syster hans arbeider i Sandefjord som sjukepleiar.

Fattige serbarar

Kva han tykkjer om arrestasjonen vil han ikkje svare på. Det vil heller ikkje ein av politimennene som passar vegen inn til Mladics hus.

— Ingen kommentar, seier politimannen, som berre vil fortelje at han heiter Milan.

— Eg kan få problem dersom eg fortel meir, seier han.

Nebojsa visste godt at syskenbarnet til Mladic budde i landsbyen.

— Alle visste jo det. Han hadde mange slektningar her, seier 31-åringen.

Lazarevo ligg i Vojvodina i Nord-Serbia, eit område av landet der det ikkje berre bur serbarar, men også ungararar. Slik er det også i Lazarevo, sjølv om dei fleste er serbarar. Mange av dei kom hit først på 50- og 60-talet. Nykommarane blir rekna som beinharde nasjonalistar og dermed positivt innstilt til Mladic og hans menn.

Tett drikking

— Vi er svært fattige. Eg har ikkje arbeid. Eg gjer kva det skal vere, men det er ikkje noko arbeid å finne her, seier 31-åringen.

Lenger borte i gata drikk ungdommane tett. Det blir veiva med flagg, ei gruppe menn slår hardt i sida på ein TV-bil som har parkert i vegkanten. Det går rykte om at ungdommar frå fleire delar av Serbia er venta hit i bussar, men ingen veit om det er sant.— Kven veit kva som kjem til å skje. Eg blir her, seier politimannen Milan og rettar på uniformslua.

Det serbiske nasjonalistpartiet annonserte i går kveld at det skal haldast ein stor støttedemonstrasjon for Mladic søndag i Beograd.

Måtte avbryte rettsmøtet

Mladic sjølv vart framstilt for retten i går kveld, men rettsmøtet måtte avbrytast fordi han skal ha vore ved dårleg helse. Han skal ha hatt problem med å svare på dommaren sine spørsmål. Fredag skal legar avgjere om Mladic har god nok helse til å stille i retten. Mladic skal ifølgje forsvararen sin nyleg ha hatt eit slag.

Bygningen der han vart avhøyrt høyrer til ein spesialdomstol for krigsbrotsverk. Radovan Karadzic vart avhøyrt på same stad etter at han var tatt i 2008.

— Mladic er svært bleik, sa Rasim Ljejic, arbeidsminister i regjeringa og ansvarleg for samarbeid med domstolen i Haag, til serbisk radio i går kveld. Ljejic sa også at dette tyda på at generalen har gøymt seg i lang tid på ein stad utan sollys. Mladic vart pågripen torsdag morgon, og skal ha hatt to ladde pistolar på seg, men gjorde ikkje motstand mot pågripinga.

Populær

General Ratko Mladic er langt meir populær enn både Radovan Karadzic, som vart arrestert i 2008, og tidlegare president Slobodan Milosevic, som døydde på cella i Haag.

Milosevic var av mange sett på som maktsjuk, Karadzic var rekna som korrupt og involvert i tvilsame forretningar. Ingenting slikt har hefta ved Mladic. Blant serbiske nasjonalistar blir han sett på som ein mann som stod opp mot Serbias fiendar og kjempa tappert, utan tanke for seg sjølv.

Serbarane har i alle åra etter Milosevics fall vore splitta: Mange har støtta dei radikale nasjonalistane og vore sterkt imot det som skjer med dei serbiske krigsforbrytarane i Haag. Mange andre, særleg den utdanna middelklassen i byane, ønskjer at Serbia skal bli eit liberalt og demokratisk samfunn, og at krigsforbrytarane må straffast.

NASJONALIST: Nebojsa Krsmanovic (31) trudde ikkje det kunne vere sant då meldinga kom om at Ratko Mladic var arrestert i landsbyen hans. Å halde opp tre fingrar slik Krsmanovic gjer, er eit symbol som blir brukt av serbiske nasjonalistar.
MARITA AAREKOL