På Bergensbana fyk godstoga fram og attende i 70 kilometer i timen. På motorvegane i EU er det 7500 kilometer med køar kvar einaste dag. Eit samferdsleprogram til nesten 5000 milliardar kroner skal fjerna flaskehalsane.

-Veit de kor mykje køar, flaskehalsar, stopp og venting i godstrafikken kostar EU i året?

Enrico Grillo Pasquarelli, direktør for landtransport i EU-kommisjonen i Brussel, slær ut med hendene og smiler.

— 110 milliardar euro.

Omrekna er det 800 milliardar norske kroner. Sjølv for nordmenn med oljefondet i bakhand er det eit stort tal.

Det er faktisk ein tiandepart av omsetninga til transportindustrien i EU, som er rekna til cirka eitt tusen milliardar euro i året. 10 prosent av det samla bruttonasjonalproduktet i dei 25 medlemslanda.

Overført på veg og bane betyr dette, i fylgje EU-kommisjonen sine eigne opplysningar, 7500 kilometer med kø kvar einaste dag på motorvegane i EU.

16.000 kilometer av EU sitt jernbanenett står på lista over «flaskehalsar» i transportsystemet.

Meir gods på jernbana

Det seier litt om utfordringane for EU-systemet dei komande åra. EU har vedteke ei prioriteringsliste på 30 prosjekt som skal løysa opp knutane og få straumen av gods til å gå lettare. Samla kostnad er over 600 milliardar euro, eller bortimot 5000 milliardar kroner. Slagordet er «mindre gods på vegen, meir på jernbane». Difor handlar 22 av dei 30 samferdsleplanane om jernbane.

Investeringsprogrammet dekker heile EU, medrekna dei nye medlemslanda i aust og kandidatlanda Romania og Bulgaria.

Med god grunn, kan ein seia. Berre 8 prosent av godstransporten i EU går no med jernbane.

Ein viktig grunn til alle problema er og ulike tekniske system frå land til land. Dette fører til stopp og land venting på kvar einaste grense. Samordning av teknikk og signalsystem er høgt prioritert, og også det krev enorme investeringar, seier Pasquarelli.

Godstransporten må betala

I EU pågår det no eit arbeid med lovgrunnlaget for ei avgift på bruk av vegnettet. Slik betaling for bruk av vegane skal berre gjelda for godstransport. Ikkje for privatbilen sin bruk av vegane. Målet er at avgiftene skal motsvara dei verkelege kostnadene som slitasje og trong for vedlikehald fører med seg. Samstundes skal vegavgiftene gjera dei meir freistande for godstransporten av ta toget.

Kostnaden for godstransporten vil liggja på rundt 20 eurocent (1,60 kroner) per kilometer innanfor EU-landa. I Sveits vil prisen for bruk av gjennomgangsvegane snart liggja på over 60 eurocent (nesten 5 kroner) per kilometer.

Strid om avgiftene

Enrico Grillo Pasquarelli prøver ikkje å dekka over at det er stor politisk usemje og mange dilemma knytt til desse avgiftene.

— I EU er det strid mellom sentrum og utkant om gjennomføringa av vegavgiftene for godstransporten. I Spania og Portugal er det til dømes motvilje mot å påleggja godstransporten for høge avgifter. Dei gjer gods og varer dyrare før dei når fram til dei kjøpesterke og folketette marknadene i Europa, som Tyskland, Belgia, Nederland, Luxembourg og store delar av Frankrike.

— Så har vi land som Frankrike og Tyskland, som er transittland for svært mykje av godstransporten. Det vil seia at transporten berre går tvers gjennom desse landa utan å leggja att etter seg anna enn forureining og slitasje. Som når eit vogntog køyrer frå Spania gjennom Frankrike til Italia.

— Transittlanda vil gjerne leggja høge avgifter på denne transporten, men samstundes halda avgiftene nede for den heimlege transporten. Men dette er diskriminering, og det er strengt forbode i EU, understrekar Grillo Pasquarelli.