Dette skreiv det såkalla sårbarhetsutvalet, leia av tidlegare statsminister Kåre Willoch, i innstillinga si, som vart levert 4. juli 2000.

Sidan den tid har Noreg vore betydeleg engasjert militært i Afghanistan og signalisert vilje til militært engasjement også i Irak.

Raske endringar

Overvakingspolitiet, PST, la så seint som fredag 16. mai fram ei trugsmålvurdering der ein konkluderte med at risikoen for terror mot Noreg og norske interesser var låg.

I dokumentet blir det opplyst at Noreg tilliks med andre vestlege land, er «attraktivt som mulig base eller utgangspunkt for ulike typar militant støttevirksomhet. Arbeidet med å forhindre at slike støttestrukturer slår rot i Norge er en prioritert oppgave ved PST».

Onsdag vart denne vurderinga fjerna frå PST si heimeside på internett, og det vart opplyst at ei ny vurdering ville bli utlagt innan kort tid. I går ettermiddag kunne PST ikkje opplyse når den nye vurderinga vil vere klar.

«Betydeleg terrortrugsmål»

I utvalsinnstillinga gjer Willoch-utvalet det klart at dei landa som var med i dei stridande styrkane under krigføringa mot Irak i 1991 var utsett for eit betydeleg terrortrugsmål.

Utvalet var i tvil om aukande internasjonalt engasjement i seg sjølv ville auke faren for internasjonal terrorisme i Noreg.

I dag seier Kåre Willoch til Bergens Tidende:

— Det generelle trugsmålbiletet endrar seg stadig. Men det er nokså sikkert at Noreg sitt engasjement ute i verda skaffar oss både vener og fiendar. Det betyr ikkje at vi skal avstå frå slikt engasjement, men at vi må passe på tryggleiken vår og ha ein god beredskap.

Oljeinstallasjonane

Willoch-utvalet har vurdert norske olje- og gassinstallasjonar som potensielle terrormål. «Nye forhold tilsier at terrortrusselen i tilknytning til petroleumsvirksomheten ikke bør undervurderes. Flere sentrale europeiske nasjoner er nå mer avhengig av norsk petroleumseksport enn tidligere, noe som kan dra Norge, inn i vanskelige konfliktsituasjoner, for eksempel ved at terrorgrupper setter frem krav og trusler om at Norge skal innstille olje- og gasseksporten til et av våre europeiske partnerland. Man kan heller ikke se bort fra risiko for trusler mot andre sektorer i Norge som indirekte middel til å stanse eksporten av petroleum.

Det er også en viss fare for at norske oljeselskapers økende internasjonale engasjement, spesielt i det konfliktfylte Kaukasus - kan øke faren for at olje- og gassinfrastrukturen i Norge blir sett på som et mulig terror- og sabotasjemål.»

Utvalet skriv at ein ikkje kan sjå bort frå at ein eller fleire av partane i ein konflikt der Noreg er med i ein internasjonal «krishandteringsstyrke», kan ønskje å straffe oss for det og presse oss til å opptre annleis.

Utvalet skriv også at ein må vere budd på at statlege og ikkje-statlege aktørar kan tenkje seg å angripe viktig infrastruktur gjennom informasjonssystem, det vil seie åtak mot datasystem.

Willoch seier for sin del at han ikkje trur det terrornettverket som etter det som er opplyst skal stå bak dei nye trugsmåla som er retta mot mellom andre Noreg, har kapasitet til å truge norske oljeinstallasjonar.

Åtvarar mot frykt

Han åtvarar også mot at vanlege folk her i landet skal engste seg for mykje over trugsmåla.

— Einskildpersonar bør ikkje gå rundt og vere redde. For det første er det mål i utlandet som er nemnt som mogelege mål. For det andre er faren for å bli påkøyrd av ein bil mykje større enn faren for å bli utsett for eit terroråtak her i landet, seier Willoch.