Problemet er berre at vi i norsk lov allereie har forbod mot blasfemiske ytringar, paragraf 142 i straffelova. Den går under namnet «blasfemiparagrafen». Forsøk på å få paragrafen avskaffa, er dei seinare åra slegne tilbake av politikarane.

Avskaffing avvist

I tillegg har vi paragraf 135 a i straffelova som også kan gje vern mot blasfemiske ytringar. Den har ei strafferamme på bøter eller inntil to års fengsel.

Blasfemiparagrafen har ei strafferamme på bøter eller fengsel inntil seks månader for den som i ord eller handling hånar eller på krenkande eller sårande måte viser ringeakt for noka trusvedkjenning som er lovleg her i landet.

Både Ytringsfridomskommisjonen i 1999 og Straffelovkommisjonen i 2002 gjekk inn for å oppheve paragrafen.

Bondevik-regjeringa, med Venstres Odd Einar Dørum som justisminister, gjekk mot å oppheve paragrafen. Og i Stortinget, fekk regjeringa tilslutnad då saka sist var oppe, 30. september 2004.

I Justisdepartementet får Bergens Tidende opplyst at heller ikkje den nye regjeringa har nokon planar om å gå inn for å avskaffe blasfemiparagrafen.

Advokat mot advokat

Ein av juristane som har teke til orde for å innføre forbod mot blasfemiske ytringar, er Abid Q. Raja. Han er advokat i Advokatfirmaet Hestenes & Dramer i Oslo, og medlem av det kriminalitetsforebyggande rådet. Ein av seniorpartnarane i advokatfirmaet, er Frode Sulland. Han var som medlem av Straffelovrådet med på framlegget om å oppheve blasfemiparagrafen. Rådet gjekk elles inn for å avkriminalisere flaggbrenning som er blitt populært dei siste dagane.

— Ny aktualitet

I meldinga til Stortinget om endringar i ytringsfridomsparagrafen, paragraf 100 i Grunnlova, skreiv dåverande statsråd Dørum:

«Blasfemi har i den vestlige verden u tviklet seg fra å være en forbrytelse mot staten til å bli en krenkelse av den troende.» Vidare heitte det:

«Fra flere hold er det påpekt at bestemmelsen kan tenkes å få ny aktualitet. Dette henger blant annet sammen med fremveksten av et flerkulturelt Norge og at bestemmelsen nå omfatter alle religionssamfunn.» Blasfemiparagrafen har vore omtala som ein «sovande paragraf». Siste gong paragrafen vart teken i bruk var i 1933 då det vart reist tiltale mot forfattaren Arnulf Øverland. Bakgrunnen var at han i eit foredrag i Studentersamfunnet i Oslo, med tittel «Kristendommen - den tiende landeplage» hadde kome med fleire utsegner påtalemakta rekna som blasfemiske.

Øverland kravde at saka vart førd direkte for lagmannsretten i staden for i byretten. Øverland vart frifunnen.

Personifiserte Gud

Året etter vart lovparagrafen endra. Det hadde mellom anna samanheng med at Nasjonaltheatret var i ferd med å setje opp teaterstykket «Guds grønne enger». I dette skodespelet vart Gud personifisert, og det vekte kraftige reaksjonar i religiøse krinsar.

Her ligg det kanskje ein parallell til dagens reaksjonar frå muslimsk hald mot avbilding av profeten Muhammed.

Generalsekretæren i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold, seier til BT at han har notert seg dei mange innspela som har kome frå juristar, politikarar og religiøse leiarar som vil innskrenke ytringsfridomen.

- Fint med det vi likar

Ein av desse er den tyrkiske presidenten, som krev aksept for at ytringsfridomen ikkje skal omfatte framstilling av profeten Muhammed.

— Kvintessensen i desse innspela er at det er fint med ytringar vi likar, men ikkje med ytringar vi ikkje likar. Ein slik ytringsfridom er ingenting verd. Det er ikkje noko mål i seg sjølv å krenke andre. Det er viktig å respektere andres kjensler og tru. Men ein må ha rett til å krenke, elles er det ikkje noko poeng med ytringsfridomen. Ytringsfridomen er grunnlaget for alle andre menneskerettar, seier Kokkvold.