27-åringen unngjekk dermed katastrofen i New York. Linda Stølen skulle delta i opptaka som var planlagt frå toppen av begge tårna i World Trade Center, men som altså aldri vart gjennomført fordi dei forsov seg. Innslaget skulle gå i programmet "Slå på ring" på NRK1, og teamet på fire hadde gjort research i bygningane kvelden før.

Men dei vakna ikkje av klokka som ringte tirsdag morgon, noko som truleg redda liva deira. Planen var å ta opp ein uhøgtideleg musikkvideo med tittelen "Twin towers", med "Trigger"-programleiarane Stein Johan Grieg Halvorsen og Erlend Klarholm Nilsen i hovudrolla.

— Planen var at vi skulle stå på toppen av kvart vårt tårn. Erlend skulle vært utkledd som ei blanding av konge og kosakk og eg sjølv i kvit pels og ein hatt à la fridomsgudinna, seier ein letta Grieg Halvorsen til VG Nett. Han har enno ikkje heilt fatta kor heldige dei involverte fra NRK har vore.

Sist helg var gruppa på Michael Jackson-konsert i New York, og deltok i festen til langt på natt. Det strevsame programmet dagane i forkant gjorde dei så trøytte tirsdag morgon at ingen av dei fire skal ha registrert vekkerklokka då den ringte.

De to andre i teamet er Linda Stølen og Vilde Kamfjord.

Heime i Høyanger sit mora Dorthe og faren Jan Helge Stølen og er glade for den utrulege flaksen dotra har hatt. Linda sjølv er på eit hotell eit stykke unna ulukkesområdet, der ho ventar på å få reise heim saman med deui tre andre. Som kjent får ingen sivile fly lette frå USA inntil vidare.

Foto: Privat