— Det er ikkje veldig utbreidd, men vi har nokre slike historier kvart år, seier informasjonsrådgjevar Bjarne Aani Rysstad i Gjensidige, eitt av selskapa som tilbyr reiseforsikringar.

— I fjor hadde vi eit tilfelle med ein bubil i Spania, og det har også vore brukt om bord i nattog, seier Rysstad.

Områda på Solkysten der utlendingar har slått seg ned i tusental har vore utsett for ein auke i kriminaliteten, med innbrot, ran og pengeutpressing. I februar demonstrerte 10.000 utlendingar for å få betra tryggleiken i bustadområda, som dei meiner er for dårleg.

I påska vart tidlegare Kværner-sjef Kjell Almskog rundstolen i sin eigen heim i Alfaz del Pi medan han og familien sov. Almskog meinte sjølv han ikkje var utsett for gass, men ifølgje Dagbladet var det ved minst to tilfelle i vekene før brukt spraygass til å bedøve ofra.

Også den norske ambassaden i Madrid har merka at ikkje alle er like greie med turistane.

— Det er eit faktum at det er ein del kriminalitet langs kysten her. Det er umogleg for oss å seie noko om omfanget, men den store samlinga av utlendingar trekkjer til seg ein del kriminelle grupper, seier ministerråd Inge Nordang ved ambassaden i Madrid.