«Så langt har jeg ikke fått meldinger om at det har vært større problemer ved noen av valglokalene i vårt ansvarsområde», uttalte kommandør Knut Riiber, sjefen for dei norske styrkane i Afghanistan, i ei pressemelding etter parlamentsvalet 18. september.

Ein intern rapport frå den norske ambassaden i Kabul, sendt heim til Utanriksdepartementet ei dryg veke seinare, teiknar eit noko anna bilete av valgjennomføringa i Faryab:

  • Ei lang rekkje angrep frå opprørarar prega valet i fleire distrikt.
  • Omfattande rapportar om valfusk, med blant anna «stapping» av valurner – det vil seie at éin person leverer fleire stemmer.
  • Væpna grupper støtta enkeltkandidatar, og dreiv ulovleg innblanding. Også Forsvaret nemnde at det hadde vore kampar fleire plassar. «Afghanske, amerikanske og norske soldater har svart på angrepene og hindret denne aktiviteten i å påvirke valget», heitte det pressemeldinga frå Forsvaret.

Tok med seg urna heim

Samanlikna med det omstridde presidentvalet i fjor kom årets parlamentval dårleg ut, med langt fleire angrep, ifølgje UD-rapporten. FN har registrert 15 angrep på valdagen i Faryab, mot berre tre i fjor.

Sju angrep var direkte retta mot vallokale. Ein sivilist, to afghanske politimenn og ein amerikansk soldat vart drepen, 12 vart skadde.

Dei verste rapportane er frå Qaisar, ein by vest i provinsen som grensar mot urosenteret Ghowrmach. Eitt av vallokala vart angripe med rakettar og møtte rømmast av valfunksjonærane. «Når de senere kom tilbake, var valgurnene ferdig oppfylte og klare til levering», heiter det frå den norske ambassaden.

Ved eit anna tilfelle tok ein mann frå Qaisar like godt med seg ei valurne heim. Han «tok den med til sin landsby, og leverte den ferdig fylt opp på ettermiddagen», skriv den norske diplomaten som har forfatta rapporten.

Militsar var aktive

Også for landet under eitt var årets val meir valdeleg enn fjorårets presidentval, med ca. 30 prosent auke i talet på angrep.

Kven som stod bak angrepa og valfusket i Faryab, er uklart. Lokale militsar har vore aktive, og fleire av dei har støtta enkeltkandidatar. «... noen av de rapporterte angrepene kan være begått av kandidatrepresentanter», heiter det i rapporten.

... tok urnen med til sin landsby, og leverte den ferdig fylt opp på ettermiddagen

UD-rapport etter valet i haust

Som Bergens Tidende skreiv tidlegare denne månaden, har lokale militsgrupper – såkalla arbakiar – fått etablere seg i Faryab. I haust har dei delteke i fleire operasjonar saman med dei norske styrkane. Ein del av desse militsane var også med og sikra vallokala, sjølv om dei ikkje var offisielt rekruttert til slikt arbeid. Politiet hadde ikkje kapasitet til å vere til stades over alt.

«... lovløshet i provinsen»

Meir enn eitt av seks vallokale opna ikkje i heile tatt, på grunn av dårleg tryggleik. Internasjonale observatørar var heller ikkje til stades.

Frammøtet var også dårleg, truleg under 40 prosent. I valsenteret i provinshovudstaden Maimana «var antallet observatører i stasjonene mye høyere enn de som kom for å stemme», heiter det i UD-rapporten.

Prognosane frå valkommisjonen tyder på at usbekarane, den største folkegruppa i Faryab, held eit fast grep om politikken i provinsen. Fleire av dei med flest stemmer blir knytt til militsar, anten ved at dei sjølve er militskommandantar eller ved at folk i nær familie har slik bakgrunn. For fire av dei fem sterkaste kandidatane er det rapportert om ulovleg maktbruk eller stemmekjøp.

Rapportskrivaren minner om at det ikkje berre var opprørarar om skapte problem: Det er «også en lovløshet i provinsen som tillater både lokale maktpersoner og myndighetsrepresentanter å agere på sine illegitime interesser».

— Politisk styrte militsar

NUPI-forskar Ståle Ulriksen er ikkje overraska over at militsane i Faryab blanda seg bort i valet.

— Desse militsane er politisk styrte. Sjefen for militsen i Qaisar er for eksempel ein svært nær alliert av krigsherren Fatiullah Khan, seier Ulriksen, som dei siste åra har følgd utviklinga i Faryab tett.

Valkamp med makt

Usbekaren Fatiullah Khan stilte som kandidat i årets parlamentsval i Faryab, og skal vere den som fekk flest røyster. «Flere rapporter om ulovlig bruk av makt i hans valgkamp», heiter det i UD-rapporten.

Både Fatiullah Khan og militsleiaren er gamle våpenbrør av general Abdul Rashid Dostum, Afghanistans kanskje mest berykta krigsherre og krigsforbrytar. Dostum er framleis ein mektig mann i Nord-Afghanistan. Han har alliert seg med president Karzai, og sit i dag som stabssjef i den afghanske hæren.

Verre enn i fjor

Ulriksen er heller ikkje overraska over at det var meir valdsbruk rundt årets val i Faryab enn det var i fjor. Dei USA-leia ISAF-styrkane hevda først at valet var relativt roleg, men har seinare vedgått at det for landet totalt var ca. 100 fleire angrep i år enn på valdagen i fjor.

— Dette er heilt i tråd med den generelle auken i talet på angrep og kampar. Tapstala berre aukar og aukar. Det siste året ser talet på trefningar i Faryab ut til å ha dobla seg, seier Ulriksen.