Ambassadør Kåre R. Aas skulle gjerne ha sett jentene frå Kabul på banen i Oslo i år.

— Bakgrunnen for at vi prøvde å få det til, var at det var eit sterkt ønske frå styresmaktene heime om å invitere eit jentelag. Men så vart det dessverre litt rot i sakshandsaminga, seier Aas.

BT veit at tidlegare forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen var blant dei som ivra for å invitere jenter frå Afghanistan til Ekebergsletta.

- Parallelle prosessar Ambassadør Aas er sikker på at jentene skal få kome til Oslo neste år.

— Eg er overtydd om at vi skal få det til neste år, når vi ikkje fekk det til i år, seier Aas.

Forsvaret og Forsvarsdepartementet meiner det var dårleg kommunikasjon som gjorde at jentene fekk avslag, medan gutane seinare vart invitert.

— På forsommaren viste det seg at vi hadde hatt to parallelle prosessar. Medan ambassaden arbeidde for eit jentelag, vart det i Forsvaret arbeidd med eit gutelag frå Faryab, seier pressetalskvinne Marita Isaksen Wangberg i Forsvarsdepartementet.

— Kvifor var det lettare å ta imot gutelaget enn jentene?

— Det er nokre eldsjeler i Forsvaret som har arbeidd med dette gutelaget i Maimana, seier Wangberg.

«Intensjonen utelukkende god»

Ho viser også til at Noreg ikkje har militære styrkar i Kabul, der jentene bur. Wangberg seier at Forsvaret meiner det uansett er gode grunnar for å invitere eit lag frå Faryab.

— Vi har hovuddelen av styrkane våre i denne provinsen, og Forsvaret meiner dette bidreg til å styrke forholdet til folk lokalt, seier Wangberg.

Pressetalskvinne Heidi Kristin Langvik-Hansen i Forsvarsstaben skriv i ein e-post at Forsvaret ser at det «har vært en uryddig prosess med å få fotballaget til Norway Cup», men at «intensjonen til de som står bak har utelukkende vært god».