— Avhengig? Nei ... det trur eg ingenting på, seier Rolf Clausen (51), og tar ein ny slurk cola ved bordet på McDonalds.

51-åringen et hamburgar og pommes frittes fleire gonger i veka, og i dag har han unt seg dessert også: softis.

— Det er kjapt og greitt. Og litt godt også, eg innrømmer det, seier han litt flau.

Men Clausen avviser bestemt at han fantaserer om burgar og is når han er svolten eller ikkje får sove. Eller at han får abstinensar, dersom det går litt for lang tid mellom kvar porsjon pommes frittes.

Men frå USA melder forskarar at feitt og sukker kan skape like stor avhengigheit som heroin, melder forsking.no.

Rotter på sukkerdiett

Ifølge BBC viser ny amerikansk forsking at rotter kan bli fysisk avhengige av sukker. Etter å ha levd i sus og dus ei god stund med mat som inneheldt 25 prosent sukker, fekk laboratorierottene angstsymptom, då sukkeret vart fjerna frå menyen. Klaprande tenner og skjelvingar minna om abstinenssymptoma til røykarar eller morfinistar som prøver å slutte.

— Truleg stimulerer feitt og sukker produksjon av kjemiske stoff i hjernen som får oss til å føle oss vel, seier dr. John Hoebel frå Princeton University i New Jersey.

Denne teorien blir stadfesta av forskingsresultat ved Universtiy of Wisconsin. Rottene der fekk søt, salt og feit mat, og forskar Ann Kelley fann ut at det var ein samanheng mellom hjernens gledesstoff og visse typar mat.

Då ho gav rottene ein kunstig kopi av lykkestoffet, heiv dei innpå seks gonger meir feitt enn vanleg, ifølgje New Scientist.

Større frykt for kviser

Heller ikkje på nabobordet til Clausen gjer dei nye forskingsresultata særleg inntrykk. Tvert om. Tre 15-åringar held fram å ete cheeseburgarar med stoisk ro.

Trekløveret frå Fana et junkfood 1-2 gonger i veka, men har ikkje abstinenssymptom mellom kvart McDonalds-besøk, hevdar dei.

— Ikkje enno, iallfall, flirer Ruben Ulevik Larsen og Mads Andre Wiers.

— Eg bryr meg ikkje om kva eg et, seier Stian Falch Hummelvoll, men legg til:

— Berre det ikkje er sjokolade

— På grunn av alt sukkeret?

— Nei. Fordi eg får kviser av det.

Er du burgarjunkie? Sjekk deg sjølv på bt.no.

STAMKUNDE: Rolf Clausen et hamburgarar fleire gonger i veka, men tvilar på at junkfood kan skape like stort sug som heroin.<p/>FOTO: TOR HØVIK