OGNE ØYEHAUG

Ryktet fortel at fiskerikommisær Joe Borg talte fleirtalet midt i mot då EU-kommisjonen i førre månad innførde den omstridde minsteprisen på norsk laks.

Slikt gir velvilje hos eit vertskap som vil trekkje EU inn for WTO. Borg vil sikkert stå seg på å la ryktet leve vidare når han kjem på offisielt besøk til Noreg og Bergen, for lista over saker der EU og Noreg er på kollisjonskurs i fiskeripoltikken er lang:

  • Handelsvilkåra for laks. Den største konflikten per i dag. Men det er først og fremst ei sak som kommissæren for handel har ansvaret for.
  • Regulering av kolmulefisket. EU, Noreg, Island, Færøyane, Grønland og Russland kranglar om kor mykje kvar part skal få fiske av torskefisken kolmule. I dag driv alle eit kappfiske for å kome i best mogleg posisjon den dagen det vert semje om ein avtale. Forskarane meiner fisket er skyhøgt over det bestanden vil tole over tid.
  • Regulering av sildefisket. Noreg krev at norske fiskarar skal få fiske 70 prosent av norsk vårgytande sild, fordi silda held seg mest i norsk farvatn. I dag tek Noreg 57 prosent av silda. Fordi det ikkje er semje om ein avtale mellom Noreg, EU, Island, Færøyane og Russland, nektar Noreg dei andre avtalepartane å fiske sin kvote i norske farvatn, der silda er når kvaliteten er best. Trass i striden respektere alle nasjonane den totale kvoten forskarane tilrår, og Noreg fiskar ikkje meir enn 57 prosent av silda.

Hyggeleg møte

Men det er ikkje meininga å kaste den ferske fiskerikommisæren rett ut i harde forhandlingar, fortel departementsråd Jørn Krog i Fiskeridepartementet. Borg skal få ein omfattande gjennomgang av norsk fiskeripolitikk og -forvaltning. Målet er like mykje å bli kjent, og skape ein tillit som kan gjere forhandlingane lettare i framtida.

— Det er heilt opplagt at ein får igjen for slike møte, seier Krog.

Fredag skal Borg forelese på Norges Handelshøyskole, besøke Norges Sildesalgslag og Fiskeridirektoratet. Der ventar Fiskeridirektør Peter Gullestad med ei lang liste over tema han vil ta opp:

  • Tapte garn kan drive rundt i havet og fiske i årevis. Noreg har sokna etter slike garn i 20 år, og vil ha EU med på eit liknande tiltak
  • Tettare samarbeid om satellittsporing og elektronisk fangstdagbok. Målet er betre kontroll, samstundes som rapport- og kontrollarbeidet skal bli enklare både for fiskarar og kontrollstyresmakter.
  • Noreg og EU er samde om eit vektsystem på fiskemottaka som skal hindre at det vert landa fisk som ikkje vert registrert. Skottland har vore trege til å innføre vektsystemet.
  • I Noreg er det forbode å kaste ut fisk, sjølv om den er under minstemål eller feil sort. I EU er det omvendt. Fisken som vert kasta ut døyr, slik at det går tapt langt meir fisk enn det som vert registrert.

— Det som vi er opptekne av er å få seld inn sunne forvaltningsprinsipp seier Gullestad.

Til Austevoll

I Bergen kan verten for besøket, fiskeriminister Svein Ludvigsen vise den tidlegare utanriksministeren i Malta heile spekteret av norsk fiskerinæring; frå forvaltning (Fiskeridirektoratet), via forsking (Havforskningsinstituttet) og forretning (Sildesalgslaget).

Laurdag tek Ludvigsen Borg med til Austevoll om bord hos kystvakta, til Austevoll Fiskeindustri på Storebø og til lunsj og fiskebåtbesøk i Bekkjarvik før dagen vert avslutt med middag på Bellevue i Bergen.

TIL BERGEN: EUs ferske fiskerikommisær, Joe Borg, tidlegare utanriksminister i det nye EU-landet Malta, kjem til Bergen på offisielt besøk i morgon. <br/> FOTO: AFP