Under det førre presidentvalet, i 2009, forlet den iranske advokaten og menneskerettsaktivisten heimlandet. Presteregimet i Teheran slo den gongen knallhardt ned på demonstrantar og Den grøne rørsla, som hevda at valresultatet var rigga. Opposisjonelle vart fengsla i stor stil.

Ebadi, som i 2001 vart tildelt Raftoprisen og to år seinare Nobels fredspris, tviler på at dagens presidentval vil utløyse protestar som for fire år sidan.

— Regjeringa har denne gongen stengt aviser, fengsla journalistar, nedlagt forbod mot folkesamlingar og til og med avlyst konsertar. På den måten vil dei vise at dei har full kontroll. Men det er vanskeleg å vite sikkert kva som vil hende. Vi må vente og sjå, seier Ebadi, som denne veka deltok under røysterettsjubileet ved Universitetet i Bergen.

Politikarar i husarrest

For fire år sidan hevda demonstrantane at reformpolitikaren Mir Hussein Mousavi var den rettmessige vinnaren, og ikkje president Mahmoud Ahmadinejad, som vart tilkjent sigeren. Mousavi har sete i husarrest sidan. Det har også den andre reformkandidaten frå 2009, Mehdi Karroubi. Denne gongen har ingen av dei mest kjende reformpolitikarane fått lov til å stille.

— Og uansett har den iranske presidenten lite han skal ha sagt. Etter den iranske konstitusjonen ligg all makt i hendene til Den øvste leiaren, Ayatolla Khamenei. Ingenting vil endre seg, så lenge ikkje grunnlova blir endra, seier Ebadi. Ho viser til at heller ikkje reform- presidenten Mohammad Khatami greidde å endre stort, sjølv om han sat i presidentstolen i åtte år, frå 1997–2005.

Ønskjer ikkje blod

Ebadi har ingen illusjonar om at styret i Iran vil la seg endre raskt.

— Grunnlova kan endrast gjennom ein revolusjon, eller gjennom reformer. Ein revolusjon vil koste blod, og det ønskjer ikkje folket. Vi har hatt 34 år med islamsk revolusjon, og åtte år med krig mot Irak, seier Ebadi. Ho meiner den einaste farbare vegen er reformer innanfrå. Det blir ikkje enkelt, innrømmer ho.

— Det blir ein lang veg å gå. Men det er likevel betre enn å spille blod.

— Korleis kan reformer pressast fram, når det ikkje kan skje gjennom valsystemet?

— Folket må stå fast og vise at dei ønskjer endringar. Og dei må aldri bruke våpen. Det vil berre rettferdiggjere valdsbruken frå regjeringa og gjere alt verre, seier Ebadi.

Nei til atomprogrammet

Det iranske atomprogrammet og sanksjonane frå Vesten har vore eit viktig tema i valkampen. To av dei fremste kandidatane – hardlinaren Saeed Jalili og den meir moderate Hassan Rouhani – har begge bakgrunn som atomforhandlarar.

Shirin Ebadi er sterkt kritisk til dei økonomiske sanksjonane som både USA og EU – og også Noreg – har innført mot Iran. Dei har ramma knallhardt, og utløyst kraftig inflasjon.

— Sanksjonane har vore svært effektive, men vil ikkje hjelpe med å felle regimet. Dei som er ven med regjeringa er berre vorte rikare, på grunn av korrupsjonen, seier Ebadi. Ho meiner sanksjonar retta direkte mot det politiske toppsjiktet i Iran ville vore betre, med omfattande innreiseforbod og frysing av bankkontoar. Ho ønskjer seg også tiltak mot det iranske propagandaapparatet, som kringkastar TV- sendingar via internasjonale satellittar.

Ebadi meiner – som USA og Vesten – at det iranske atomprogrammet bør avviklast. Men ikkje fordi ho nødvendigvis trur USA har rett i at planen til prestestyret er å byggje atombomber.

— Atomprogrammet blir styrt bak stengde dører, så formålet kan eg ikkje seie stort om. Men det er uansett ein dårleg idé. Iran er svært utsett for jordskjelv. Frå eit økologisk perspektiv er iransk atomkraft ein elendig ide. Eg fryktar ein ny Fukushima- katastrofe. Atomprogrammet bør stengjast ned. Slik vil Iran også sleppe dei øydeleggjande sanksjonane, seier Ebadi.