TERJE ULVEDAL

terje.ulvedal@bt.no

Dei to som er busette i Stavanger, blei melde sakna av pårørande kort tid etter at tragedien i landa rundt Det indiske hav blei kjent. Mor og son låg og sov i ein bungalow ved stranda då flodbølgja slo inn over Phuket.

— Dette går rett og slett ikkje an, seier Dag Øyen. Politiførstebetjenten ved Førde og Naustdal lensmannskontor har fungert som kontaktperson for dei pårørande.

— Vi har gitt melding til rette instansar om at dei to er sakna. Etter at eg for kort tid sidan blei merksam på at dei ikkje er på lista, har eg vore i kontakt med Kripos. Dei vedgår at det er gjort ein feil. Men kva feilen består i, veit eg førebels ikkje, seier Øyen.

I ettermiddag kjem Kripos med ei oppdatert liste, og der vil Devig og den tre år gamle sonene vere med.

Saknalista til Kripos inneheld fleire feil. Tre personar busette i Sogn og Fjordane politidistrikt er mellom dei sakna, utan at dei er det. Både ei ung kvinne frå Stryn og to personar busette i Fiskåbygd, står på saknalista. Ved politidistriktet i Florø får bt.no opplyst at alle dei tre er god behald, og vil bli strokne frå lista. Fiskå ligg i Vanylven på Sunnmøre, men høyrer under politidistriktet i Florø.

Hotelleigar Ole Berge Drægni på Turtagø, sambuaren Kirsti Kulseth og dottera hennar Shyrin er mellom dei sakna. Dei står oppført med postadresse i Bergen.