Dette kom klart til uttrykk under gruppemøtet i SV på Stortinget onsdag kveld.

BT er også kjent med at det mellom landsstyret sine medlemer er endå sterkare kritikarar. Dei hardaste kritikarane mellom SV'arane på Stortinget er Magnar Lund Bergo frå Buskerud, Hallgeir Langeland frå Rogaland og Rolf Reikvam frå Akershus.

— USA verste røvarstaten

— Eg har ingen sympati med korkje Iran eller Nord-Korea som er definert som røvarstatar som kan truge Europa. Men den verste røvarstaten i verda er USA for kven andre er årsak til at flest menneske i verda er drepne gjennom krigshandlingar dei siste 50 åra, seier Bergo.

Han er djupt usamd i den trugsmålsvurderinga som NATO-kommunikeet bygger på.

— Samstundes som vi sit i regjering er det viktig at dei alternative synspunkta vi står for i utanriks- og tryggingspolitikken kjem til syne, seier Bergo.

- Nei eller «fotnote»

— Å argumentere med at rakettar trugar Europa trur eg ingenting på. Ein skapar og legitimerer eit nytt fiendebilete. Resultatet nå er at ein tek ein ny omdreiing på rustningsspiralen som USA freistar å dytte på oss. Eg seier ikkje dette for å svekke Regjeringa, men det er ubehageleg at Regjeringa er med på dette. Samstundes erkjenner eg at det er vanskeleg å stå åleine i NATO. Eg skulle ynskje at vi kunne vere endå tydelegare enn det ser ut til nå, seier Reikvam.

Lever i håpet

Ågot Valle og Bjørn Jacobsen som er utanrikspolitisk talsperson, respektive forsvarstalsperson, viser begge til at NATO-kommunikeet ikkje er eit endeleg vedtak om bygging av rakettskjold.

Dei viser også til åtvaringane frå fredsprisvinnaren El Baradai mot bygging av eit rakettskjold i Europa retta mot Midtausten og Iran.

— Iran kjem ikkje til å sende ein einaste rakett mot Europa. For då veit dei at dei får 100 tilbake, seier Jacobsen.