I slutten av oktober går Hanne Sophie Greve av som norsk dommar ved den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg etter seks års teneste. Ho har gjort det klart at ho ikkje ønskjer ein ny periode.

Regjeringa oversendte i slutten av januar ei liste med tre namn i rangert rekkjefylgje som norske kandidatar. Lista vart sendt til generalsekretariatet ved Europarådet i Strasbourg.

«Underhandsgodkjenning»

Men Utanriksdepartementet nektar å utlevere lista eller opplyse kven som står på lista. Avgjerda blir grunngjeven med at generalsekretariatet har lagt opp til ei «underhandsgodkjenning» av kandidatane før dei blir fremja offiselt. Det er «den vikarierande komiteen» av dei faste ambassadørane ved Europarådet i Strasbourg, som skal «klarere» kandidatane.

Dette skjer for at kvart land skal få høve til å trekkje tilbake eller fremje nye kandidatar dersom «den vikarierande komiteen» av dei faste ambassadørane, har innvendingar mot nokon av dei som er lansert.

Dette framgår av opplysningar pressetalsmann Karsten Klepsvik i Utanriksdepartementet gjev til Bergens Tidende.

Nektar innsyn

UD har unnateke brevet frå innsyn av omsyn til forholdet til internasjonale organisasjonar.

— Vi unntek ingen dokument frå innsyn utan at vi har heimel for det, uttalar Klepsvik.

— Dessutan vil det vere keisamt for den som ikkje måtte bli godkjend, å ha fått namnet sitt offentleggjort, forklarar Klepsvik.

Klepsvik vedgår at framgangsmåten er uvanleg. Han kan ikkje vise til eit einaste anna døme på at Noreg lanserer kandidatar underhand for førehandsklarering.

Generalsekretær Nils E. Øy i Norsk Redaktørforening, finn framgangsmåten forunderleg.

Kandidatane

Det er lansert sju kandidatar til det ledige norske dommarsetet. I parentes står kven som har lansert kandidaten. Det er høgsterettsdommar Ketil Lund, (Høgsterett) sivilombodsmann Arne Fliflet, (Advokatforeningen), dommar ved menneskerettsdomstolen i Rwanda Erik Møse, (Marius Emberland), tingrettsdommar Finn Lynghjem, (Svein Tømmerdal), professor Per Christiansen, (Universitetet i Tromsø), tingsrettsdommar Siri Vigmostad (Magne Qveseth) og advokat Kjetil Krokeide, som har lansert seg sjølv.

Det er parlamentarikarforsamlinga i Europarådet som har det endelege ordet og som vel mellom dei tre kandidatane kvart land nominerer.

GÅR AV: Hanne Sophie Greve går av som dommar ved menneskerettsdomstolen i Strasbourg 31. oktober og kjem då tilbake til embetet som lagmann i Gulating. Nå er det kniving om kven som skal etterfylgje henne i Strasbourg.