EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

— Dette er eit ran. Eg er hiv-positiv!

Med desse orda og ein heva sprøytespiss presenterte mannen seg i klesbutikken Flava i Vaskerelven litt etter klokka 15.30.

Mannen truga med å stikke, og fekk med seg 600 kroner frå kassa før han forsvann.

50 minutt seinare dukka det politiet trur er same mann opp i klesforretninga Brika i Markeveien. Meldinga var den same, men dei tilsette rakk å flykte inn på eit bakrom og låse døra etter seg. Dermed måtte mannen forlate butikken med uforretta sak.

Turen gjekk vidare til FotoKnudsen i Olav Kyrres gate.

— Han truga kvinna bak kassa med ei sprøyte, og fekk med seg nokre få tusenlappar, seier dagleg leiar Jan Andal, som sjølv ikkje var til stades under ranet.

Mannen var torsdag ettermiddag ikkje pågripen.

— Eitt av ransoffera seier mannen verka herja. Vi må be folk vere forsiktige dersom dei blir utsett for slike ransforsøk. Ranaren er tydelegvis narkoman, og dei kan vere ustabile og stikke dersom dei blir pressa opp i eit hjørne, seier vaktsjef Rasmus Eikemo i Bergen politidistrikt.

Det ettersøkte mannen skal vera ca. 30 år, 170 cm høg og ha på seg ei blå jakke.