Er det samanheng mellom religion og arbeidsinnsats? Dette var spørsmålet forskaren Horst Feldmann frå Bath University i England stilte seg. Etter å ha undersøkt data om sysselsetjing frå 80 land med ulike religionar, tyder mykje på at svaret er ja, fortel forskning.no.

Resultata viste mellom anna at typiske protestantiske land som Noreg, Danmark, Sverige, Storbritannia og USA hadde omtrent 6 prosent høgare sysselsetjing enn land som er dominert av andre former for kristendom eller andre religionar.

Dei protestantiske landa skilde seg også ut med rundt 11 prosent kvinner i arbeid.

Arv, moral og kultur

Men forskarane meiner funna neppe har samanheng med tru. Feldmann trur heller det heng saman med indirekte påverknad frå religion.

– I byrjinga reklamerte protestantismen for hardt og flittig arbeid blant tilhengjarane sine, som så dømde kvarandre ut frå kor godt dei levde opp til denne standarden. I utgangspunktet skulle ei slik pliktoppfyllande haldning og intens arbeidsinnsats sikra frelse og evig liv, seier Feldmann.

Arbeid som dyd

Sjølv om det kort tid etter reformasjonen var slutt på denne trua, meiner forskaren at denne innstillinga har halde fram med å forma arbeidsmoralen vidare.

– Dei fleste av dagens protestantar jobbar truleg ikkje for å sikra frelsa, men fordi foreldra deira lærde dei at arbeid er ei dyd. Dette har blitt ein del av den nasjonale kulturen, seier Feldmann.