EYSTEIN RØSSUMGORM K. GAARE (foto)

— Vi lar oss ikkje svindle! Vi krev omval! sa opposisjonskandidat Aleksander Milinkevitsj til den jublande folkemengda.

Med eit velfungerande høgtalaranlegg og klart, kaldt vinterver var det lettare å halde oppe stemninga enn i snødrevet valkvelden, sjøl om oppmøtet ikkje var så stort på dag to. Fleirtalet var ungdom eller studentar, som stilte med flagg, transparentar og faklar. Det vart også sett opp ei lite telt på plassen; i utgangspunktet ein uhøyrt ting under Lukasjenkos regime.

Politiet heldt ein låg profil, akkurat som dagen før, og gjorde ingen forsøk på å gripe inn.

President Aleksander Lukasjenko prøvde å latterleggjere demonstrantane på ein pressekonferanse ved å kalle dei «særingar» og «ungdommar som hadde fått betalt for å delta».

Systematisk maktmisbruk

Aleksander Milinkevitsj vart tilkjent berre seks prosent i den offisielle oppteljinga, mot president Lukasjenkos 82,6 prosent.

Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE), som hadde 581 valobservatørar ute, slår fast at valet ikkje kan kallast fritt og rettferdig. Regimet misbrukte systematisk statsmakta for å sikre Lukasjenko ein ny presidentperiode, ifølgje OSSEs rapport:

n Opposisjonen var nekta tilgang til massemedia gjennom heile valkampen.

n Sentrale personar i valkampstaben til opposisjonen vart forfølgde og fengsla.

n Den storstilte førehandsstemminga var ikkje organisert på ein transparent måte, og opna for fusk.

n Oppteljinga vart gjort på ein slik måte at det var umogleg å seie om ho gjekk rett for seg.

n Trugslar frå det hemmelege politiet KGB skapte frykt valdagen

Putin gratulerte

USA stilte seg i går bak kravet om eit nyval, medan Russlands president Vladimir Putin gratulerte sin gamle allierte med sigeren.

EUs utanriks-kommissær Benita Ferrero-Waldner støtta ikkje kravet om omval, men uttalte at det er «svært sannsynleg» at EU vil innføre «visse tiltak» på grunn av valet.

— Vi snakkar neppe om økonomiske sanksjonar, men forlenging av visumforbod vil ganske sikkert bli aktuelt, sa Ferrero-Waldner under EUs utanriksministermøte.