Veterinær Lisbet Holtet ved Bergen Smådyrklinikk ber hundeeigarar visa hunde-fjellvett i påsken.

— Dersom folk tek ansvar og følgjer fjellvettreglane for hundeeigarar, kan dei unngå mange av skadane, seier veterinær Holtet.

Dei verste skadane får hundane i skibakken.

— Hundar bråstoppar ofte for å snusa på ting, eller gnaga på poten. Det gjeld også i skibakken. Eigarane og andre skiløparar er oftast ikkje like kjappe til å reagera, og køyrer gjerne rett i hunden, seier Lisbet Holtet, som er veterinær ved Bergen Smådyrklinikk.

Holtet ber hundeeigarar visa hunde-fjellvett i påsken.

Putt hunden i sekken

Både kutt frå stålkantar og stikkskadar frå stavar kan vera svært alvorlege for hundar.

— Små hundar kan døy av å bli trefte med ski. Derfor tilrår me folk å ta små hundar i sekken i nedoverbakkane. Viss ikkje, finst det også spesialselar for små hundar.

Også store hundar bør haldast i sele i skiløypene.

— Med sele er det lettare å kontrollera hunden både i oppover- og nedoverbakke.

Holtet påpeikar at stavstikk kan vera meir dramatisk enn det kan sjå ut til.

— Eigarar ser kanskje ikkje kor langt ned stikket går, og trur ikkje det er alvorleg. Men stikket kan gå djupt, og det kan gå infeksjon i såret. I enkelte tilfelle kan hunden døy av blodforgifting, om han ikkje får behandling.

Landsomfattande vaktnett

Dersom uhellet først er ute, er det viktig å reagera raskt.

— I Noreg har me eit landsomfattande veterinærvaktnett for akutte skadar. Derfor kan ein ringja kva som helst slags veterinærklinikk og få oppgitt nærmaste vakthavande veterinær. Om hunden blør mykje, bør ein binda til såret med bandasje eller skjerf.

Viss uhellet skjer høgt til fjells, bør ein prøva å få tak i pulk eller anna, og få frakta hunden til nærmaste hytte.

Elles oppfordrar Holtet hundeeigarar til å kvitta seg med skarpe karabinkrokar på halsbandet.

— Skarpe karabinkrokar skjer seg lett inn i ein hudfald. Dette er svært smertefullt for hunden, og huda må skjerast av når me fjernar kroken.

Hundar får også ofte solblindheit, såre potar, fordøyingsvanskar og diaré i påskefjellet. Men ifølgje Lisbet Holtet kan hundeeigarar ta med seg hunden til fjells med godt samvit om dei er ansvarlege og viser hunde-fjellvett.

Fakta/Fjellvettreglar for hundeeigarar

  • Ha kontroll på hunden i skibakken
  • Ta med søt kjeks eller ei skive til dei lange turane
  • Ta omsyn til hunden sin alder og generelle helsetilstand
  • Ikkje legg ut på langtur når hunden ikkje er i form til det
  • Ta med det hunden treng av medikament
  • Gje hunden vanleg fôr
  • Ta med avføringspose og bruk han

Dette bør du ta med til hunden på fjellet:

  • Bandasje og polstring ý polstring må du ta med fordi bandasjen ikkje skal sitja for stramt på
  • Potevoks
  • Sårsalve
  • Smertestillande medisin til hund ýsærleg viktig om du har ein eldre hund som ofte blir stiv og støl etter tur
  • Andre medikament som hunden brukar, som hjartemedisin og medisin mot snøblindheit - særleg dersom du veit at hunden din er utsett for dette

Kjelde: Bergen Smådyrklinikk