Paradise Hotel for kjøttmeis
Unik sjanse til å studere fuglane på nært hald.
AV: vilde bergstad larsen
Les også:
Denne våren har Flaktveit skole i Åsane sett opp seks fuglekasser rundt skuleområdet. Den eine fuglekassa er utstyrt med eit webkamera som sender bilete ut på internett. Her kan alle følgje med på utviklinga til kjøttmeisene som har lagt egg i kassa.
- Reaksjonane til elevane har vore utelukkande positive, seier Harald Mikkelsen til bt.no. Han er lærar ved skulen og initiativtakar til dette prosjektet, saman med rektor Daniel Ødegård.
I 2008 sette skulen opp eit fuglebrett med montert webkamera, og i vår tok dei denne ideen eit hakk lenger. Her kan du sjå webkamera og bilete frå fuglekassa.
På storskjerm i klassen
Interessa kom i samband med naturfag og utdanning for berekraftig utvikling. På denne måten får elevane endå meir innblikk på naturen og dyrelivet i nærområdet enn det skulebøkene tilbyr.
Elevane har også hatt overføring av bileta i skuletimane, slik at dei kan sjå fuglane på ein stor skjerm mens dei arbeider.
Snart kjem ungane
I går oppdaga dei at kjøttmeisparet har lagt 8 egg i fuglekassa. Mikkelsen reknar med desse vil bli klekt i løpet av 14 dagar. Det er vanleg at kjøttmeiser får to kull kvart år. Det neste kullet i denne fuglekassa er venta å kome rundt juli.
- Vi reknar med å halde fram med dette prosjektet dei neste åra også, fortel Mikkelsen. Etter ein del tekniske problem som innebar at berre den interne skuleserveren kunne sjå overføringane frå webkameraet, har dei funne ein ekstern server til bileta - som er open for alle som er interesserte i fuglelivet på Flaktveit.
Les også
Sjekk og webkamera i andre fuglekassar på Vestlandet:
Universitetet har eit kamera ved eit tjeld-reir på taket av realfagbygget
Fuglekasse ved Skjold/Bergen.
Og så nokre austlandsfuglar.
Les også
Siste fra Utenriks
Relaterte bilder
FOTO: Webkamera Flaktveit skole
FOTO: Flaktveit skole