Nyleg var det bat-night på Leikanger. I kveldsmørkret sneik ti-tolv kvinner, menn og born seg forsiktig rundt husnovene med auger og øyre på full flaggermusfrekvens. Dei kom med håp om å sjå og høyra dei 60 flaggermushoene som har hatt barselstove på mørkeloftet til Laila Njøs Eikeland i sommar.

— Vi såg berre eit par som var ute for å eta insekt den kvelden, sannsynlegvis har dei fleste flytta. Det er ei gåte kvar alle flaggermusene gjer av seg om hausten og vinteren, seier Johannes Anonby.

— Ein del flaggermus finn vi i grotter, holer og gamle gruver, men dei fleste flaggermusene er borte vekk, seier han.

Han starta flaggermusnatta på Leikanger med lysbildeføredrag og demonstrasjon av detektoren som gjer det mogeleg å høyra flaggermusene. Desse flygande pattedyra manøvrerer nemleg i lufta ved hjelp av ultralyd som dei sender ut. Og lyden skil dei ulike flaggermustypane frå kvarandre.

Anonby frydar seg når han oppdagar nye artar og elles får utvida kunnskapen sin om desse dyra som han synest er frykteleg fascinerande. Han har i fleire år arrangert bat-nights både på Leikanger og på Nordfjordeid i regi av Norsk Zoologisk Forening.

Laila Njøs Eikeland på Leikanger er måteleg begeistra for alle sommargjestene på loftet, ho synest dei er ekle og vampyraktige, og ville i grunnen ha dei vekk. Men no har både flaggermusentusiastar og biologar fatta interesse for kolonien. Dei vil kartleggja dyra og prøva finna ut kvar dei held seg elles om året. Laila Njøs Eikeland let dei studera skinnvengjene i fred.

— Vi får sjå kva vi gjer med dei når forskarane har trekt sine konklusjonar seier ho, og fortel at far hennar meiner flaggermusene har hatt tilhald i det gamle våningshuset kvar sommar i meir enn femti år.

Aukande interesse

Interessa for flaggermus er aukande, ikkje berre her i landet. Kvart år er det europeisk flaggermusveke i slutten av august. Då startar sesongen for nattevandringar på leit etter skinnvengjer. Ved hjelp av detektoren kan ein både skaffa seg kunnskap om korleis dyra oppfører seg i lufta og høyra spelet til hannane når kurtisen er i gang.

Mange stader er det skipa flaggermusgrupper, og mange kommunar er i gang med å registrera sine flaggermus, som del av ei viltregistrering dei er pålagde.

I Oslo finst det ikkje mindre enn to krisesenter for flaggermus. Både Norsk informasjonssenter for flaggermus og Flaggermusmottaket til Norsk Zoologisk Forening tek imot forkomne flaggermus og flaggermus på vidvanke. Flaggermus som vert funne om vinteren vert gjerne tekne hand om på krisesenteret til våren kjem. Skada dyr vert tekne med til veterinær, og svoltne flaggermusungar blir fostra opp på spesialmjølk.

Voss kommune går ekstra grundig til verks i flagermusregistreringa. Dei har leigd inn både biologar og hyrt frivillige i bygda til kartlegginga.

— Vi har funne vel 30 koloniar på Voss, i dei fleste kyrkjene, i bustadhus og i driftsbygningar. Dei fleste som har flaggermus synest det er greitt å ha dei der. Somme er bekymra, men når dei får vita at dei korkje gjer skade eller angrip folk, plar dei roa seg, fortel biolog Tore Christian Michaelsen.

— Folk flest veit lite om flaggermus, det er viktig å informera om desse dyra, for det skal ofte lite til for å øydeleggja levekåra deira, seier han.

Avbraut bryllaup

Under eit bryllaup i Voss kyrkje kom ei flaggermus som ei stupbombe rett mot brudeparet midt i vinga. Angrepet blei avverga og dei to ved alteret vart gifte.

Loftet i Tydal kyrkje er føde- og ammestove for over 90 flaggermusdamer kvar sommar.

Dei nyfødde ungane heng, blinde, nakne og pelslause opp ned oppunder takbjelkane eller gjerne mellom inner- og ytterkledningen på sør og vestvende vegger der det blir godt og varmt om sommaren. Ungane blir fødde i juni og juli. Dei finn raskt vegen til ein pupp i mora si armhole. Om natta når mødrene er ute på insektjakt, heng ungane att inne. Berre dersom kolonien blir forstyrra, flyg mora av garde med ungen hengjande på magen.

Berre ei av flaggermusartene i Noreg kan høyrast utan detektor. Det er skimmelflaggermusa som inntil nyleg berre var observert frå Halden til Stavanger, og ein gong i Nordfjord. No er den første kolonien av denne arten på Vestlandet registrert på Leikanger.

Desse flaggermusene høyrest ut som grashopper, du kan høyra lyden av dei tidleg på kvelden utover hausten. Opphaveleg levde denne arten ved stepper og klipper i sør-aust Europa. No finst desse flaggermusene ofte ved høgblokker, der dei søkjer dekning bak veggplater, i heissjakter og i luftekanalar. På Romsås i Oslo er flaggermusfolket ofte ute for å høyra på kurtisen.

Somme lagar flaggermuskassar, eit tilbod til spesielt interesserte skinnvengjer. I Stavanger Arboret har hannar av dvergflaggermus teke i bruk slike kassar til å halda harem i. Der har dei fire-fem hoer på besøk om gongen. Etter ei tid sei han takk og farvel til damene og dreg ut for å lokka nye med seg inn i kassen.

Truga dyreart

Flaggermusa er ein truga dyreart og dei fleste artane står på den såkalla raudlista over dyr som står i fare for å bli utrydda. Trugselen er ikkje akutt her i landet, men dei fleste av våre 13 arter er sårbare. På Voss har biologane funne seks ulike arter, skjeggflaggermus, vassflaggermus, nordflaggermus, skimmelflaggermus, dvergflaggermus og langøyreflaggermus. Nordflaggermus er den mest vanlege her i landet.

I heile verda er det registrert 950 ulike flaggermusartar, nesten ein av fire kjende nolevande pattedyrarter er flaggermus. Berre fire av artane er blodtørstige vampyrar. Desse lever i Sør- og Latin-Amerika. Mange av bytta deira døyr, ikkje fordi vampyrane har teke livet av dei, men fordi vampyrane spreier smitte.

Også andre flaggermusartar kan spreia smitte, blant anna rabies. Fleire menneske, også i Europa, har dødd etter flaggermusbitt dei siste tiåra, men dette har ikkje skjedd i Noreg. Dei som gir råd om handtering av flaggermus, tilrår alltid at folk brukar hanskar i nærkontakt med dyra.

Flaggermusfolket er klare for nye bat-nights. Væpna med lommelykter og detektorar, klare til å zooma inn luftrommets ultralydbaronar. Dei heldige får oppleva hastige flaggermusmøte i natta. Dei heldigaste får høyra haustsongen til hannane med eigne øyre. Grashoppelyden til skimmelflaggermusmannen. Kanskje det var ein idé å sjekka naturtilhøva i nabolaget. Det er utruleg kva som skjer nær deg. Utan at du anar det.