PÅ TOPPEN: Frå høgdedraget sitt i Jabal Mohsen har alawitt-minoriteten i Tripoli utsikt både over Middelhavet og over det store sunni-fleirtalet i resten av byen.
Utenriks

På kanten av den store krigen

Libanon gjer alt for å halde seg utanfor borgarkrigen i Syria. Men i nokre sundskotne kvartal i landets nest største by har krigen for lengst inntatt gatene.

For eit halvt år sidan var Ali Assi ein glad mann. Han hadde seks friske barn med dei to konene sine, han hadde si eiga drosje til å brødfø familien, og han hadde eit husvære med utsyn over Middelhavet.

I dag er drosja eit vrak, knust og ramponert. Den sundskotne venstrefoten hans blir aldri brukande att. Og kona hans er borte for alltid, drepen av to kuler gjennom hovudet i sin eigen heim.

Dei andre mennene på den tronge kafeen i Jabal Mohsen-nabolaget i Tripoli snakkar ivrig. 52 år gamle Ali sit aleine med kaffien og krykkene og ser ikkje ut til å ense nokon.

— Det må bli ein slutt på dette. Nokon må fri oss frå desse folka. Sjå kva dei gjer med oss, seier han.

Ali Assi er alawitt, som dei aller fleste andre i dette nabolaget på eit høgdedrag i Tripoli. Dei høyrer til den same folkegruppa som presidenten i Syria, Bashar al-Assad, og er ein liten minoritet i Libanons lappeteppe av religiøse og etniske grupper. Store banner med bilete av Assad heng på husfasadane her oppe på haugen.

- Kan skyte når som helst

I resten av Tripoli bur det stort sett sunni-muslimar. Byen er eit historisk sentrum for libanesiske konservative sunniar. Banda til sunniane i Syria, som har leia an i borgarkrigen mot president Assad, er sterke.

Frå blokkene til alawittane oppe i Jabal Mohsen er det fritt utsyn ned til sunniane i Bab al-Tabbaneh. Grensa mellom dei to nabolaga går ironisk nok langs Syria-gata. På båe sider er husfasadane fylte med store og små kulehol, tett i tett. På gatehjørna står pansra vogner frå den libanesiske hæren, soldatar med tunge våpen patruljerer fortaua.

Mellom to sundskotne hus nede i sunni-nabolaget strevar Ahmad Srour og to kameratar med å få hengt opp eit stort, svart segl. Det skal sperre utsikta ned til gata for alawittane oppe på haugen.— Dei har snikskyttarar der oppe. Og her har vi ein barnehage. Dei kan byrje å skyte når som helst, seier Ali Jarkas (23) og peiker oppover.

— Kva gjer de når dei skyt då?

— Vi sender ungane inn og skyt attende, seier Jarkas.

Frå bukselinninga dreg han fram ein halvautomatisk pistol. Magasinet er fylt med skarpe skot.

— Har du brukt han?

— Sjølvsagt. Det er ein Tukarev. Kjenner du det merket? Eg kjøpte han frå den libanesiske hæren, seier 23-åringen.

Dei tyngre våpena - kalasjnikovar og granatkastarar - ligg gøymde inne i portromma og oppe i etasjane, så ikkje soldatane skal ta dei.

Bildevisning

       PISTOLMENN: 23 år gamle Ali Jarkas (til v.) reiste til Syria for å kjempe saman med sunniane der mot president Assad. Han vart såra, men berga livet. No forsvarer han og kameraten Mohamad Jundi kvartalet sitt mot alawitt-naboane oppe i bakken.
PISTOLMENN: 23 år gamle Ali Jarkas (til v.) reiste til Syria for å kjempe saman med sunniane der mot president Assad. Han vart såra, men berga livet. No forsvarer han og kameraten Mohamad Jundi kvartalet sitt mot alawitt-naboane oppe i bakken.
GORM K GAARE

Såra i Syria

23-åringen med pistolen dreg på høgrefoten. Store arr på leggen viser kvar kulene trefte for halvtanna år sidan. Han hadde gjort som mange andre unge sunniar her i Tripoli: reist til Syria for å slåst mot regjeringsstyrkane til president Bashar al-Assad. Etter halvannan månad med kampar var krigsinnsatsen over.

— Vi hamna i eit slag utanfor Aleppo. Eg vart såra. Eg lest som eg var død. Slik berga eg livet, seier Ali.

— Kvifor reiste du til Syria?

Bildevisning

       VERN MOT KULENE: Eit stort svart segl skal skjerme ein liten sunni-gatestubb mot skarpskyttarane som lurer oppe i Jabal Mohsen. 21 år gamle Ahmad Srour (oppe på gesimsen) har sjølv mista ein bror som kjempa i Syria.
VERN MOT KULENE: Eit stort svart segl skal skjerme ein liten sunni-gatestubb mot skarpskyttarane som lurer oppe i Jabal Mohsen. 21 år gamle Ahmad Srour (oppe på gesimsen) har sjølv mista ein bror som kjempa i Syria.
GORM K GAARE

— Når du ser på TV korleis dei drep ungar og valdtek kvinner - ingen kan godta slikt, same kva religion du høyrer til.

På veggane i gata hans heng flagga til jihadist-gruppene som rekrutterer Syria-krigarar. Den svarte fana til den al-Qaida-allierte Nusrafronten er over alt, saman med bilete av unge menn, mange av dei nesten barn, som har mista livet både her i Tripoli og i Syria.

Fiendskapen mellom sunni-fleirtalet i Tripoli og dei ca. 30.000 alawittane i Jabal Mohsen-nabolaget er gammalt. Assad-regimet i Syria hadde styrkar i Libanon under heile borgarkrigen på 70- og 80-talet, og alawittane i Tripoli slost saman med syriske styrkar mot sunni-militsane i byen.

Dei aller fattigaste

Med borgarkrigen i Syria har dei gamle frontane igjen hardna. I august mista meir enn 40 menneske livet då to bilbomber gjekk i lufta utanfor to sunni-moskear i byen. Alawittane vart skulda for å ha hjelpt bombemennene.

— Før hadde eg fleire kompisar blant alawittane. Vi brukte dra opp til Jabal Mohsen for å drikke øl og spele biljard. Her nede får vi jo ikkje kjøpt alkohol, seier Mohamad Jundi.

Bildevisning

       NUSRA-FLAGGET: I dei fattige sunnikvartera i Tripoli heng flagget til Nusrafronten over alt - opprørsgruppa i Syria som er alliert med al-Qaida, og som av USA og FN blir rekna som ei farleg terrorgruppe.
NUSRA-FLAGGET: I dei fattige sunnikvartera i Tripoli heng flagget til Nusrafronten over alt - opprørsgruppa i Syria som er alliert med al-Qaida, og som av USA og FN blir rekna som ei farleg terrorgruppe.
GORM K GAARE

No er slike besøk ikkje å tenkje på.— Alawittane seier at alle som drep ein sunni kjem til himmelen, seier Jundi.

Han er midt i 20-åra, og som dei fleste andre unge menn i nabolaget utan arbeid. Økonomien i Nord-Libanon er dårleg, og aller dårlegast står det til i sunni-nabolag som dette. Jundi søkte seg til Dubai for å tene pengar, men vart kasta ut og måtte reise heim i førre veka.

Han har kone og fire små ungar her i Tripoli. Bror hans vart drepen av ein snikskyttar i denne gata for fire månader sidan.

— Om Gud gir meg pengar, reiser eg herifrå. Dette er ikkje ein stad for barn, seier Jundi.

Kor mange som har mista livet i minikrigen i Tripoli veit ingen sikkert, men talet er tresifra. Eit par timar etter at Bergens Tidende reiste ut, var det igjen skyting i byen, med fleire såra.

Bildevisning

       FARLEG STRØK: Fiendskapen mellom sunniar og alawittar i Tripoli har vore der sidan borgarkrigen på 70- og 80-talet, men har hardna veldig til med borgarkrigen i Syria. Langs Syria-gata, som skil dei to nabolaga, er fasadane heilt sundskotne.
FARLEG STRØK: Fiendskapen mellom sunniar og alawittar i Tripoli har vore der sidan borgarkrigen på 70- og 80-talet, men har hardna veldig til med borgarkrigen i Syria. Langs Syria-gata, som skil dei to nabolaga, er fasadane heilt sundskotne.

— Julenissebataljonen?

Den lokale religiøse leiaren i eitt av sunni-kvartala, sjeik Bilal Al Masrie, er klar på kven som har skulda for alle drapa. Blant Angry Birds- og Hello Kitty-effektar i sonens vesle mobil-sjappe forklarer han korleis han meiner Vesten har svikta.

— Dei kriminelle i Jabal Mohsen får ordrar frå Syria. Dei verkelege forbrytarane finn de i FNs korridorar - statsleiarane frå USA og Europa som ikkje har fjerna Assad, denne kriminelle drapsmannen, seier den 43 år gamle sjeiken.

Bildevisning

       FAST I TRUA: - Anten blir vi drepne og døyr, elles vinn vi. Og vi kjem til å vinne, seier sjeik Bilal Al Masrie, ein lokal sunni-leiar om kampen mot alawittane - både i Syria og her heime i Tripoli. Han mista sjølv faren og ein bror i kampar mot syriske styrkar i Tripoli på 80-talet.
FAST I TRUA: - Anten blir vi drepne og døyr, elles vinn vi. Og vi kjem til å vinne, seier sjeik Bilal Al Masrie, ein lokal sunni-leiar om kampen mot alawittane - både i Syria og her heime i Tripoli. Han mista sjølv faren og ein bror i kampar mot syriske styrkar i Tripoli på 80-talet.
GORM K GAARE

Han meiner det er Syria og den libanesiske, Syria-støtta Hizbollah-militsen som er skuld i alle problema i Libanon og Tripoli. Difor støttar han også jihadistane som reiser for å slåst under fana til Nusrafronten. Fronten er stempla som ein terrororganisasjon av både FN og USA, har band til al-Qaida, og har brukt sjølvmordsbomber som har ramma mange sivile.— Vi er muslimar. Difor har mange av gruppene namn etter Profetens menn. Det har skapt ein del frykt og misforståingar i Vesten. Men kva skulle dei kalla seg? Julenissebataljonen? seier Al Masrie.

For den konservative sunni-sjeiken er det ikkje noko skilje mellom minikrigen i kvartala her i Tripoli og den store krigen i Syria. Til sjuande og sist meiner han alt handlar om USA, Iran og veike arabarstatar som berre er lakeiar for Vesten.

Nytt drap denne veka

For drosjesjåfør Ali Assi, alawitten med krykkene, skuggar den personlege lidinga for all storpolitikk. Han vart det første offeret for ein ny og nådelaus taktikk frå naboane, då han ein tidleg morgon i fjor køyrde ut av Jabal Mohsen og inn i Syria-gata.

— Mennene der kjende meg att. Dei visste at eg var alawitt, drog meg ut av bilen og låste meg ned i bagasjerommet.

Bildevisning

       I POSISJON: Alawittane i Jabal Mohsen syner gjerne fram geværstillingane som dei har laga i betongblokkene som vender ut mot sunni-nabolaget Bab al-Tabbaneh.
I POSISJON: Alawittane i Jabal Mohsen syner gjerne fram geværstillingane som dei har laga i betongblokkene som vender ut mot sunni-nabolaget Bab al-Tabbaneh.
GORM K GAARE

Han meiner sjølv han låg der ein time, medan dei ramponerte bilen hans.— Så kom ein mann med stort skjegg og sa: «Emiren seier: Drep han!».

Ali vart køyrt til ei rundkøyring, der mennene la han på bakken og skaut han.

— Eg vart treft 13 gonger. Eg greidde å springe unna, før eg fall saman. «La han døy», sa dei.

Mennene hadde sikta på beina til Ali, slik dei seinare har gjort med mange alawittar frå Jabal Mohsen.

Den lokale alawittleiaren Abdullatief Saleh prøver å halde rekneskap med tapa.

— Dei siste tre månadene har vi hatt 59 slike angrep mot alawittar, og to tilfelle av kaldblodige drap, seier Saleh.

Bildevisning

       MANGE OFFER: Eit tresifra tal menneske har mista livet av kuler og bomber i Tripoli sidan borgarkrigen i Syria begynte i 2011.
MANGE OFFER: Eit tresifra tal menneske har mista livet av kuler og bomber i Tripoli sidan borgarkrigen i Syria begynte i 2011.
GORM K GAARE

Han er talsmann for alawitt-partiet ADP i Jabal Mohsen. På bokhylla står portrettet av president Assad. Han meiner det er latterleg når sunni-naboane påstår at alawittane står for aggresjonen.— Dei er mange gonger fleire enn oss. Kvar er logikken? Men folk her tek ansvar for å forsvare si gate og sitt hus. Om sunniane kunne, ville dei invadert dette nabolaget. Dei greier det berre ikkje, seier Saleh.

I ei av blokkene som vender mot sunni-nabolaget viser to unge alawittar korleis dei forsvarer seg: Små hol er slått igjennom betongen i alle etasjane, akkurat store nok til ei geværpipe. Sandsekker er stabla opp ved eit lite vindauge, ein stol står klar til skyttaren. På murgolvet ligg tomme patronhylser etter førre slag.

Onsdag denne veka vart ein av partifellane til ADP-talsmann Saleh avretta på gata i Tripoli av ukjende menn. Det var igjen hard skyting mellom nabolaga.

- Slik ei bra kvinne

Ali Assi har fått foten øydelagt for godt. Men det skulle bli verre. Ein januardag i år, medan Ali var på sjukehuset til kontroll, braut det ut nye kampar. Kona hans, Fatima, var aleine heime. Huset deira låg utsett til, med vindauge ut mot sunni-nabolaget, og Ali skunda seg heim.

— Eg ropte «Fatima! Fatima!». Ho svarte ikkje. Eg gjekk mot kjøkenet. Så høyrde eg eit stønn, seier Ali.

Han må ta ein pause før han fortel korleis han fann kona, liggjande i ein blodpøl på golvet. Ein snikskyttar hadde treft henne i hovudet. Ali trur kona vart skoten då ho prøvde å stengje den solide stål-luka som Ali hadde montert for å gjere heimen litt tryggare.

— Ho var slik ei bra kvinne, seier enkjemannen.

Nå veit han ikkje kva han skal gjere.

— Eg har inga framtid. Eg kjem aldri til å kunne arbeide meir. Eg har heller ingen pengar, og ingen stader å dra. Det einaste vi kan gjere, er å prøve å forsvare oss.

Bildevisning

       LIVET ØYDELAGT: I fjor haust skaut dei han i foten og gjorde han invalid. I januar drap dei kona hans. - Nokon må fri oss frå desse folka, seier alawitten Ali Assi (52).
LIVET ØYDELAGT: I fjor haust skaut dei han i foten og gjorde han invalid. I januar drap dei kona hans. - Nokon må fri oss frå desse folka, seier alawitten Ali Assi (52).
GORM K GAARE
widget-list