— Overraskande og skuffande, seier utanlandssjef Jon-Kristian Johnsen i Redd Barna, til Bergens Tidende. Det var han som i eigenskap av fungerande generalsekretær, underteikna brevet til Bondevik.

Opprørt

— Når vi tok saka opp med Bondevik var grunnen at vi er alvorleg opprørt over at USA oppfører seg slik overfor mindreårige barn. For det andre har vi gått ut frå at Bondevik delte oppfatninga vår på dette punktet, seier Johnsen.

I april i år stadfesta leiinga ved basen at tre barn i alderen 13 til 16 år var mellom dei fleire hundre fangane som USA held i fangeleiren. Alle sit der på ubestemt tid, utan tiltale og dom.

14. mai sendte Redd Barna brev til Bondevik om saka. Dei ba om at Bondevik i samtalar han skulle ha med Bush og visepresident Dick Cheney fekk klarlagt kor mange mindreårige som sit i fangeleiren, det vil seie barn som var under 18 år då dei vart tekne til fange. I brevet heitte det mellom anna:

Appell til Bondevik

«Vi ber deg om å gi klart uttrykk for at det å holde dem fanget strider mot FNs Barnekonvensjon og Barnekonvensjonens tilleggsprotokoll om involvering av barn i væpnet konflikt.»

Brevet vart avslutta med fylgjande oppmoding:

«Vi håper og tror du vil gjøre ditt ytterste for å bidra til at disse barna blir løselatt umiddelbart.»

Statsministerens kontor gav først denne forklaringa då Bergens Tidende i går ba om å få vite kva Bondevik har gjort med saka:

To forklaringar

— Redd Barna har også sendt brev til utanriksminister Jan Petersen om denne saka. UD arbeider med å skaffe fleire opplysningar om saka. Av den grunn fann Bondevik ikkje grunnlag for å ta opp saka i møtet med Busch, opplyser informasjonssjef Øyvind Østang.

Då Bergens Tidende kort tid etter kunne påpeike at innspelet frå Redd Barna til Jan Petersen gjeld ei heilt anna sak, måtte statsministerens kontor undersøke nøyare kva som har skjedd.

Østang gjev så denne forklaringa:

— Då brevet frå Redd Barna kom inn, tok vår internasjonale avdeling rutinemessig kontakt med UD. Vi fekk då opplyst at UD tidlegare hadde fått eit brev frå Redd Barna om barn i amerikansk forvaring. I kontakten vart det oppfatta som å gjelde same sak og at UD var i gang med å sjekke denne saka. Det var ikkje noko medvite ynskje om å «skrubbe» ved å gjere det til same sak. Eg må kalle det kommunikasjonssvikt. Først etter at Bergens Tidende nå har gjort oss merksam på dei faktiske forholda ser vi at det er to ulike saker. Brevet vi fekk frå Redd Barna vil nå bli oversendt til UD for oppfylging og svar til Redd Barna.

- Svært overraska

Utanlandssjef Johnsen seier til Bergens Tidende at han er svært overraska over at statsministerens kontor seier dei har blanda saman dei to sakene.

— Det burde gå klart fram av breva at dette er to ulike saker. Brevet til UD i mars gjeld to sju og ni år gamle barn som vart haldne i USA. Vi har aldri påstått at dei vart haldne i Guantanamo-basenn. Brevet til Bondevik gjeld tre barn i alderen 13-16 år som derimot er i Guantanamo-basen. Dette står heilt klart i breva, seier Johnsen.