• Det er heilt nytt for meg at Noreg vurderer å utvide operasjonsområdet i Nord-Afghanistan.

Det seier Afghanistan-eksperten Kristian Berg Harpviken til Bergens Tidende. Han er direktør ved Institutt for Fredsforsking, PRIO, i Oslo.

Harpviken er noko overraska over signalet om at Noreg vurderer ein slik ny kurs. Han set dette i samband med det sterkt auka amerikanske nærværet i nord der dei norske styrkane er konsentrert.

— Dette aukande amerikanske nærværet kan nok verke litt frustrerande på dei norske styrkane. Det er som ein har fått ein «gaukunge» inn i reiret og at det krev nyorientering frå norsk side, seier Harpviken.

I same leir

  • Det har vore lite merksemd omkring dette i norske medier, men faktum er at det nå er 700 amerikanske soldatar i same leir som den norske hovudstyrken. Amerikanarane og nordmennene har forskjellige oppgåver. Amerikanarane er artilleristar utan artilleri og skal trene opp afghanske politimenn. Nordmennene i den same basen skal trene opp afghanske soldatar, seier Harpviken.

Forskar Ståle Ulriksen ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI) seier det kan gje opning for nye løysingar å si frå seg det territorielle ansvaret for Faryab.

  • Det gjer handlingsrom ved at det kan bli lettare å oppretthalde det norske bidraget, og det gjev Noreg fleire exit-moglegheiter, seier han.

Uforståande til ideen

Arne Strand, som er forskingsdirektør ved Christian Michelsens Institutt og Afghanistan-ekspert, stiller seg uforståande til ein ide om å flytte eller utvide det norske militære engasjementet i nord.

  • Kvar og korleis skal det skje? Hovudkonklusjonane i både sivile og militære evalueringar som er gjort av utviklinga i Afghanistan, er at prosessane tek lengre tid og krev meir kunnskap og tolmod enn ein hadde venta. Eg ser ikkje vitsen ved at nordmennene skal flytte vekk frå område der ein har opparbeidd kunnskap og kompetanse.

Tvert om viser røynslene at ein bør leggje større vekt på kunnskap og tett oppfølging av dei ein lærer opp, seier Strand.

  • Å bytte område for å løyse nye utfordringar, vil føre til større risiko og meir konflikt. Går ein den andre vegen og flytter til område som er mindre konfliktfylte, vil ein bli skulda for å vere feig. Nei, eg syns ikkje dette verkar som nokon god ide, seier Strand.