KJERSTI MJØR

Rebekka Valvatne Andås, mannen Asle Andås og dei tre barna oppheld seg for tida på øya Penang på vestkysten av Malaysia. Då flodbølga kom i 11-tida 1. juledag, var familien til all lukke til gudsteneste, og dermed trygge i kyrkja.

Men på heimvegen var det uråd å køyre hovudvegen, som vart skylt bort. Båtar, tønner, mopedar, rusk og rask låg hulter til bulter.

— Vi skjønte ikkje heilt kva som hadde skjedd, seier Rebekka på telefon til BT.

På stranda var alt kaos. Hus og heimar var øydelagde. Alt var dekt av grå gjørme, tang og skit. Folk sprang rundt, og prøvde å redde det som reddast kunne. Plutseleg ropar nokon at ei ny bølgje er på veg.

— Ho såg ikkje stor ut, men krafta var uverkeleg då ho trefte land. Området vart oversvømt på nytt.

Sidan har familien delteke i oppryddingsarbeidet i Penang-området. Dei har bore, spylt, spadd, rydda og kasta.

— Vi prøver å hjelpe der vi kan, ikkje berre vere kvite turistar som ser på elendet. Folk er veldig takknemlege.

Ifølgje malaysiske aviser er kring tusen familiar ramma. I underkant av hundre menneske omkom i tsunamien.

— Det er sjølvsagt ikkje samanliknbart med tapa i dei store katastrofeområda. Men eit liv er eit liv, og det har vore fortvilande å vere vitne til katastrofen. Ein blir hjelpelaus i ein slik situasjon. Men sjølv om ingen kan hjelpe alle, kan alle hjelpe nokon, seier Rebekka.

Laurdag reiser familien, som er tilknytt den kristne organisasjonen Ungdom i Oppdrag, vidare til Indonesia.

— Vi skal delta i barneheims- og kyrkjelydsarbeid, men reiser ikkje til dei største katastrofeområda i nord. Vi anar ikkje kva som ventar oss. Men vi kjenner at Gud er med oss og passar på.

BØLGE NR 2: Folk på Penang-øya spring vekk frå nok ei flodbølgje som veltar opp i vegen 1. juledag. <p/> FOTO: REBEKKA VALVATNE ANDÅS