Ingen norske soldatar kom til skade i skotvekslinga, ifølgje Forsvaret. Heller ikkje afghanske eller andre allierte styrkar vart såra. I kveld var det ikkje mogleg å få opplysningar om nokon av opprørarane er såra.

Den første trefninga skjedde like før klokka 19, lokal tid, i enden av Jalaierdalen, cirka fem mil vest for provinshovudstaden Meymaneh i Afghanistan.

Ein liten time seinare var det ny skotveksling. Heller ikkje her kom nordmenn eller andre frå dei ISAF-støtta styrkane til skade.

Torsdagens innsats var ein del av Operasjonen Chasme Naw («Nytt auge»), som tok til for tre veker sidan. Denne har som mål å skape ro i Jalaier-dalen, der det har vore sterk opprørsaktivitet dei siste månadene.