• Våre godstog held ei fart på 70 kilometer i timen, opplyser strategidirektør Bjarne Wist i CargoNet til Bergens Tidende.

Godstransportøren har fått gjennomslag i Jernbaneverket for høg prioritet for godstoga. Dei har ingen rutemessige stopp undervegs, stoggar berre for å «kryssa» med møtande tog. Sjølv om dei risikerer å måtte venta lenger enn dei raskaste persontoga, er totaltida om lag den same.

— CargoNet er eit av dei godsselskapa i Europa som er i sterkast vekst for tida. Godsmengdene har auka med 30 prosent i løpet av dei to åra vi har reindyrka den nye strategien, og på Bergen - Oslo har vi no passert 30 prosent marknadsdel, seier Wist.

Strategidirektøren ser ingen grunn til å endra strategien som vart lagt i 2003. Fjoråret vart eit godt år, med 65 millionar kroner i overskot (før skatt) av ein milliard kroner i omsetnad på den norske verksemda. For første gong gjekk også konsernet, medrekna aktivitetane på svensk side, med overskot. Konsernrekneskapen syner eit resultat på 17 millionar kroner før skatt.

Kjerneverksemda går ut på at godset kjem til ein terminal med bil eller båt. Der blir container eller semitrailer løfta opp på ei jernbanevogn og køyrt til ein annan terminal. Herifrå kan vogna gå vidare med jernbane til ein ny terminal i inn- eller utland, bli overført til båt, eller distribuert med bil, oftast i terminalen sitt nærområde. Men også langtransport med bil vidare er aktuelt. Ein togetappe etter «piggyback»-prinsippet (bera på ryggen) inngår oftast i kjeda der det er dårleg vegnett, på same måte som for båtstrekningar langs kysten.