– Eg er veldig overraska, og tykkjer det er underleg at vi ikkje er sendt nedover, seier Ove Syslak. Han er teamleiar for det norske laget av redningshundar og redningsfolk (NORSAR) som står i beredskap nettopp for jordskjelvkatastrofar.

Dei har ni søkje— og redningshundar og eit lag på 40 personar som kan rykkje ut til alle delar av verda på kort tid.

NORSAR treng maks ti timar frå alarmen går til dei er klare til å forlate landet. Ti tonn utstyr ligg alltid ferdigpakka på Gardermoen, klart til å bli sendt med fly. Laget har redningsfolk, lege og veterinær, og er sett opp med avansert utstyr:

  • Løfte-, jekke- og borereiskap for å kome til i ruinane.
  • Lytteutstyr for å høyre gjennom betongvegger.
  • Kamera for å sjå etter liv.
  • Telt, mat og alt anna utstyr for å operere heilt sjølvstendig i felten i ti dagar.
  • Medisinsk hjelpeutstyr for overlevande. Viste til «geografiske forhold»

NORSAR-styrken er ein del av FNs beredskap for slike katastrofar, men det er Utanriksdepartementet som avgjer når dei skal sendast ut.

Den raude alarmen gjekk hos teamleiar Ove Syslak alt før midnatt natt til onsdag. Meldinga om at hundretusenvis truleg var ramma av jordskjelv på Haiti kom direkte frå FN i Genève. I tråd med beredskapsplanane kontakta Syslak vakta i Utanriksdepartementet, og bad om å få samle folka sine på Gardermoen, som er det faste møteplassen. Han fekk beskjed om å vente på attendemelding.

– Eg heldt kontakten med UD og med Genève ut over natta. Eg var også i kontakt med kollegaene våre på Island, som vi samarbeider med, seier Syslak.

Etter kvart sendte han også ein skriftleg førespurnad om å få lov til å mobilisere.

– I åtte-nitida onsdag morgon fekk eg melding frå UD om at det ikkje var aktuelt. Det vart grunngitt med «geografiske forhold», seier Syslak.

Onsdag ettermiddag, då det enorme omfanget av katastrofen vart tydeleg, tok Syslak igjen kontakt med UD og bad dei revurdere avgjerda. Det førte ikkje fram.

Tek feil om tsunamien

NORSAR er eitt av i underkant av 20 redningslag verda over som er sertifisert av FN for denne typen innsats.

– Vi har utstyr både til å lokalisere folk, til å få dei ut, og til å hjelpe dei etterpå, seier Syslak.

Etter det store jordskjelvet i Bam i Iran i 2003 rykte NORSAR-styrken ut. Der berga dei mange frå samanraste bygningar. I 1999 deltok dei etter eit skjelv i Tyrkia.

Utanriksdepartementet grunngir avgjerda med erfaringar frå tsunamien.

– Den gongen såg vi at dei norske hundane som vart sendt kom for seint fram. Det tok rett og slett for lang tid. Difor prioriterte vi annleis denne gongen. Vi kom til at det var lite føremålstenleg å sende hundar heilt her ifrå, også fordi USA alt hadde sendt slike lag, seier informasjonsrådgjevar Ragnhild Simenstad i UD.

Men NORSAR-styrken vart aldri sendt til tsunamien.

– Det UD seier, er rett og slett feil. Det var ingen norske redningshundar på tsunamien, seier teamleiar Syslak.

Islendingane er på plass

Ifølgje informasjonsrådgjevar Simenstad er det «viktig å prioritere kva vi brukar pengane på».

– Ei anna viktig erfaring frå tsunamien, er at det er viktig å samkjøre den internasjonale innsatsen. Elles bidreg vi berre til eit enda større kaos, seier Simenstad.

Medan dei norske redningsfolka sit heime, er eit tilsvarande lag frå Island alt i gang med arbeidet på Haiti. Teamleiar Syslak har stor forståing for at det er nødvendig med koordinering, og at det også er bruk for anna type hjelp – som sjukehus, mat, vatn og telt.

– Men for å kunne hjelpe dei, må folk først gravast fram, seier Syslak.