Dette er status etter at ei vegbombe vart utløyst i Meyhmaneh i Afghanistan 7.21 norsk tid i dag.

— Det er ingen tvil om at vegbomba var retta direkte mot patruljen vår som var på veg frå leiren vår og til sjukehuset i Meyhmanhe, opplyser viseadmiral Jan Reksten, til bt.no. Han er sjef for Fellesoperativt Hovudkvarter på Jåttå ved Stavanger.

— To av dei norske er lettare skadd medan to har fått alvorlege splintskader og er sendt til sjukehus. Vi veit ikkje om andre sivile er skadde eller drepne, seier Reksten.

Tallet på såra norske soldater i bombeattentatet vart onsdag ettermiddag redusert til tre, opplyser Forsvaret til NTB.

Ein finsk soldat og ein lokal tolk som også var med i fotpatruljen, er uskadde.

Dette inneber at alle nordmennene som var i patruljen, to offiserer og to menige, vart skadde.

— Dette er den alvorlegaste hendinga vi har hatt for norske styrkar i Afghanistan sidan 15. desember 2005 då ein bil med ei bombe i vart køyrd inn i ein norsk bilkolonne i hovudstaden Kabul. Den gongen vart sjokkverknaden av bomba heldigvis svært liten, seier Reksten.

— Vegbomba nå vart sannsynlegvis utløyst ved radiokontrollmenkanisme, ved at dei som utløyste bomba hadde utsyn og kunne fylgje patruljen vår.

Dette er ein heilt annan type og alvorlegare hending enn det som skjedde i Meyhmaneh under demonstrasjonane i fjor vinter, seier Reksten.

— Vegbomber og sjølvmordsaksjonar skjer nå kvar dag over heile Afghanistan. Slike hendingar som tidlegare var avgrensa til sør og aust i landet, blir nå meir og meir vanleg også i nord. I helga vart til dømes tre tyske soldatar drepne i nord. Og i same området vart mange drepne og skadde under ein sjølvmordsaksjon på ein politiskole for tre veker sidan.

Reksten peikar på at motstandsgrupper anten dei tilhøyrer al Qaida eller Taliban, utan risiko for seg sjølv, kan nytte slik «asymetrisk krigføring» for å råke vestlege soldatar.

— Vi veit ikkje nå kven som står bak. Det vi veit er at det har vore ein enorm smitteeffekt frå krigen i Irak. Metodane er utvikla og utprøvd i Irak og blir flytta til Afghanistan, seier Reksten.

MEYMANEH: Ei bombe gikk av omkring 100 meter frå denne norske leiren i Afghanistan. ARKIVBILDE
Junge, Heiko